Uprisen er ungdommens eiga kåring av fjorårets beste norske ungdomsbok. Her er dei fem nominerte.
Alexander Kielland Krag: Litt redd, bare (Gyldendal)
Tone E. Solheim: Svarttrasta syng om natta (Samlaget)
Ida Kinden Jonassen: Abnormium (Kindex)
Anne Elvedal: Den sorte bruden (Cappelen Damm)
Camilla Sandmo: Jente (17) ikke savnet (Vigmostad & Bjørke)
NBU gratulerer!
Det er Foreningen !les som står bak Uprisen, og kvart år deltar rundt 1000 ungdomsskuleelevar i kåringa, som går føre seg slik: Ungdomsskuleelevar registrerer seg på uprisen.no og melder årets ungdomsbøker. Når året er slutt, les ein ungdomsjury alle bokmeldingane og nominerer fem av bøkene til Uprisen. Valet er basert på bokmeldingane, ikkje bøkene.
Utover våren året etter, derimot, er det bøkene som blir vurderte. Dei fem nominerte bøkene blir nå sendt til juryklasser frå alle dei elleve regionane i landet, som les og diskuterer bøkene før dei kårar sin favoritt. Vinnaren blir avslørt 2. juni under Litteraturfestivalen på Lillehammer.