Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge tek opp studentar. Studieoppstart er 29. august 2022.

Samtidslitteratur for barn og unge er ei nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar, og kan gjennomførast ved sidan av full jobb. Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer, alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett rettleiing, forutan dialogiske og fleksible arbeidsformer. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping. Studiet har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.

Søknadsfrist er 1. mai 2022

Les meir og søk her.