Av A. Audhild Solberg, styremedlem og nettredaktør i NBU

Dei to siste åra har NBUs styre- og rådsseminar blitt halde i Noreg på grunn av pandemien. I år våga vi oss nokre mil over grensa til Sverige, til eit vertshus med lange aner. 

I Åmotfors, ein søvnig tettstad i Värmland, ligg vertshuset Vita Älgen. På 1700-talet låg det ein skysstasjon på same stad; her stoppa diligencen mellom St. Petersburg, Helsinki, Stockholm og Kristiania og bytta hestar, fortel vertshuseigar og journalist Anders Neraal i boka Värdshusets historia. Kanskje kvilte diktaren Carl Michael Bellman her også under flukta frå kreditorane i Stockholm i 1763?

Vertshuset Vita Älgen. Legg merke til den kvite elgen på taket, her beundra av rådsmedlem og elgentusiast Line Halsnes nedst til høgre i bildet. Alle foto: NBU

Vertshuset slik det står i dag, blei oppført i 1884. Namnet Vita Älgen fekk det først på 1990-talet – etter dei sjeldne kvite elgane som held til i området. Desse har ikkje albinisme, slik mange trur, men leukisme, ein medfødd tilstand som gir elgen kvit pels.

Styret (S), rådet (R) og administrasjonsleiar Ellen Liland framfor vertshuset. F.v. Sanne Mathiassen (S), Alf-Kjetil Walgermo (R), Håkon Øvreås (S), Harald Nortun (R), Line Halsnes (R), Linn T. Sunne (R), Johan B. Mjønes (R), Lene Ask (R), Alexander Løken (S), A. Audhild Solberg (S), Arne Svingen (S) og Ellen Liland. Styremedlemmene Liv Gulbrandsen og Bjørn Arild Ersland kunne ikkje vere med på seminaret.

Årets styre- og rådsseminar gjekk over tre dagar, frå 7. til 9. juni. Den fyrste dagen jobba styret og rådet kvar for seg. Styret hadde ordinært styremøte på vertshuset. På den andre sida av jernbanelinja, inne på Åmotfors stasjon, sat det litterære rådet og diskuterte endringar og tendensar i norsk barne- og ungdomslitteratur.

Åmotfors stasjon sett frå vertshuset. Stasjonen er i full drift. Sjølve stasjonsbygget høyrer til vertshuset.

Den fyrste dagen blei avslutta med felles middag og påfølgande drøs i daglegstua. Sjølv om vertshuset kan huse opptil 50 gjester, hadde vi huset for oss sjølve. Trass i det – eller kanskje nettopp derfor – gjekk mykje av kvelden med til å fortelje spøkelseshistorier. (Underteikna konkluderte letta med at ho hadde valt rett da ho ved ankomst takka nei til å sove i «riddarrummet i källaren».)

God stemning i daglegstua på Vita Älgen.

Den andre dagen fordjupa styret seg i normalkontrakten. Rådet diskuterte humor og horror i norske barne- og ungdomsbøker. Etter lunsj samla alle seg på vertshuset for å gå nærmare inn på endringane og tendensane rådet hadde diskutert dagen før. Blir norske barne- og ungdomsbøker faktisk kortare? Er dei enklare skrivne? Kva satsar forlaga på? Dette var berre nokre av spørsmåla vi tok opp.

Den tredje og siste dagen sat styret og rådet igjen kvar for seg. Styret gjekk nøye gjennom vedtektene til NBU, mens rådet diskuterte grenselandet mellom sakprosa og skjønnlitteratur.

Johan B. Mjønes konsentrerer seg om å naile blinis med klippfisk og tomatchutney. I bakgrunnen forsøker Ellen Liland å halde motet oppe over bruschettaene med røykelaks.

Hovuddelen av styre- og rådsseminaret til NBU er sett av til diskusjonar og vedtak. Men den sosiale dimensjonen er også viktig. Det er ein stor fordel å vere trygge på kvarandre når ein skal ta viktige avgjersler som tillitsvald.

Den andre kvelden var ein gyllen anledning til nettopp å bli litt betre kjent. Da måtte vi nemleg samarbeide i par om å lage middagen: seks tapasrettar basert på skandinaviske råvarer. Vertshuseigar, kokk og kokebokforfattar Helena Neraal la fram ingrediensar og oppskrifter, og så var det berre å sette i gang.

Linn T. Sunne (t.h.) og underteikna stod for desserten, ein frisk rabarbraparfait med hyllebærgranité og mandelsmular.

Sjølv om nokre av oss hadde grua seg ein smule til dette opplegget, viste det seg å vere svært vellykka. Både nye og gamle tillitsvalde kasta seg ut i halsbrekkande stunts over komfyren. Nye vennskap blei danna, gamle blei konsolidert.

Og maten smakte ikkje minst nydeleg!