I år fyller NBU 75 år! I anledning jubileet har vi bede medlemmene våre om å fortelje om eit lesarmøte som har gjort inntrykk på dei.

Terje Torkildsen (f. 1971) er forfattar, skodespelar og komikar. Han har skrive fleire romanar for ungdom og har mottatt Uprisen to gonger. Foto: Marius Vervik

Det finaste med å vera ungdomsbokforfattar er dei mange møta med lesarane. Eg er ofte på skulebesøk og bruker alltid ungdomar som konsulentar på bøkene mine.

Det var slik eg møtte Øyvind. Eg trefte han første gong i 2016. Han gjekk då i niande klasse på Myre skole i Vesterålen, og eg var på skuleturné i Nordland. Året etterpå deltok klassen hans på ein Forfattar-Skype, der me blei einige om at dei som ville, kunne lesa og gje respons på den nye romanen min, Isla Bonita.

Dette var altså frivillig, men alle som svarte, skulle få tilsend ei bok med helsing frå meg når ho kom ut. Øyvind hadde ikkje lese så mange bøker før, likevel var han ein av dei som las og gav respons. Eg hugsar tilbakemeldinga hans spesielt godt fordi han gjorde meg merksam på ein veikskap i teksten, som eg seinare fekk retta opp i.

Isla Bonita kom ut våren 2019. Då hadde Øyvind gjort seg ferdig med ungdomsskulen og mønstra på skuleskipet Gann, som har heimehamn i Stavanger. Like før påske kom han innom meg på kontoret og henta boka si. Han tok også med seg bøker til dei tidlegare klassekameratane sine. Kunne levera dei når han skulle heim i ferien, meinte han.

Me var begge einige om at me hadde hatt eit fruktbart samarbeid. Eg hadde fått nyttige tilbakemeldingar på teksten min, og Øyvind hadde begynt å lika å lesa. Det var han takksam for. Det kan bli lange dagar når ein er til sjøs, og det er mykje godt selskap i ei god bok.