Anne Gunn Halvorsen debuterte som forfattar i 2017 med sakprosaboka Livet og korleis leve det. Men det var med ungdomsbokserien Halve kongeriket, skriven i samarbeid med Randi Fuglehaug, at det verkeleg tok av. 

Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal og er busett i Oslo. Halve kongeriket tel nå snart fem bøker: Arvingen (2020), Drømmeprinsen (2021), På tronen (2021), Audiens (2022) og Blått blod (kjem om ein månad). Den første boka er dessutan blitt filmatisert av Netflix. Foto: Kagge

– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Bøker var veldig viktig for meg i oppveksten. Eg er ei rastlaus sjel og kjem frå ein liten plass. Bøker var ein effektiv måte å utforske verda på og bli kjent med folk som ikkje fanst der eg budde. Det var nesten like bra som internett!

– Kvifor ville du bli forfattar?

Eg ville bli forfattar fordi det er ein god måte å få sagt det ein vil seie på utan å bli avbroten av andre.

– Kvifor valde du å skrive for ungdom?

Å skrive for ungdom er jo det dummaste ein kan gjere om ein vil leve av å skrive, men samstundes er det også kanskje noko av det kulaste. Uansett kor stor ein blir eller kor mykje suksess ein har, så er ein alltid smal og litt indie, liksom. Det liker eg. Dessutan er det mykje komisk potensial i ungdomsverda, mange store ambisjonar og ikkje heilt ferdig utvikla evner.

– Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Alle bøkene mine handlar om ei viss utforsking av og opprør mot eksisterande system. I Halve kongeriket seier nesten alle karakterane våre på eit eller anna tidspunkt ”fuck dette her!”.

– Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Eg er oppteken av at unge bør bli eksponert for fersk og norsk litteratur.

– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

Vere på internett.

– Kva forventningar har du til NBU?

Eg forventar at NBU skal gjere meg rik og mektig.