Anja Dahle Øverbye debuterte med Hundedagar (2015), som blei kåra til årets teikneserie under Oslo Comics Expo same år. Sidan er det blitt enda ein teikneserieroman og ei bildebok, som begge er blitt prisa for illustrasjonane sine.

Anja Dahle Øverbye (f. 1981) er oppvaksen i Rauma i Romsdalen. Ho er busett i Oslo. Foto: Thomas Ekström

– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

– Bøker var ein utruleg viktig del av livet mitt. Enten teikna eg, eller så las eg. Eg vaks opp i ei lita bygd på Vestlandet, og det var mykje tid til å vere i si eiga verd. Eg elska å være på Bokbussen, og eg hugsar kor fint det var å komme inn i den varme og lyse bussen full av bøker mens det bles og regna i haustmørkret på fergekaia.

Eg hugsar at eg fekk lov til å låne frå vaksenhylla før dei andre, og eg blei veldig kry over det! Ein kan seie mykje fint om ein bokbuss, men ein får fort oversikt over alt som er i hyllene, og utvalet var ikkje så stort. Så det var kjærkomment å komme over i vaksenhyllene.

– Kvifor ville du bli forfattar?

– Sidan eg alltid har teikna, og alltid lese, så blei det ein naturleg yrkesveg å gå, å skulle teikne bøker eg skriv sjølv. Eg synest det er noko fint med det, at det eg interesserte meg for som born, er det eg jobbar med i dag.

Eg elskar å skape ei historie ut frå ingenting, og eg kan tenkje: Utan meg hadde ikkje denne karakteren funnest. Utan meg hadde ikkje denne historia blitt fortalt. Eg har skapt dette ut frå min eigen fantasi.

Bøker har på ein måte blitt ein identitetsmarkør for meg òg; det var det eg var mest opptatt av som born, det er noko eg tyr til for hygge (eller trøst!) som vaksen, det er noko eg jobbar med profesjonelt, og noko eg kan gå og kikke på i ein bokhandel i timesvis.

– Kvifor valde du å skrive for born og unge?

– Når ein er glad i å teikne, så henvender ein seg ofte til eit yngre publikum. Men eg har òg laga ein teikneserieroman for vaksne, og eg kan gjerne henvende meg til vaksne igjen. Det eg likar med å henvende meg til born eller ungdom, er at eg vil vise dei at det er OK å ha det vanskelig eller å kjenne seg åleine. Ein kan kjenne seg så åleine om kjenslene sine i den alderen, og ein trur gjerne at ein er den einaste som har det på den eller den måten.

– Finst det ein raud tråd i bøkene dine?

– Å kjenne seg åleine. Det er ei kjensle som er så vond, og som samtidig er så universell. Eg trur at uansett kva slags situasjon ein står i, så blir det vondare om ein kjenner seg åleine om å bere den. Eg forstod ikkje først at dette var fellesnemnaren for bøkene mine, men eg ser det no, og eg tippar eg kjem til å spinne rundt det temaet fleire gonger òg.

– Kva er du opptatt av som forfattar?

– Å skape dei bøkene som gjer at lesaren kjenner seg mindre einsam, trur eg. Også er eg opptatt av dei økonomiske kåra til alle som jobbar med å lage bøker, både forfattarar og illustratørar. Her er det mange som gjer ein viktig jobb, og det er viktig å heve lønnsnivået til alle oss som jobbar i feltet.

– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

– Sjå på TV. Alle som kjenner meg, veit at eg ser mykje på reality-TV! Elles likar eg å gå på museum med sonen min på 11 år, og lese og teikne.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Alle har skrytt slik av det gode samhaldet og dei kjekke festane til NBU, så akkurat no er det først og fremst det sosiale eg har høge forventningar til!