Ber du på ein draum om å bli forfattar? Vil du utvikle deg innan skrivekunst? Minotenk og Samlaget har snart gjennomført det første året med Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Nå kan du søke om plass neste år. Søknadsfristen er 17. november.

Det første elevkullet på Forfattarskulen. Foto: Samlaget og Minotenk

Forfattarskulen er eit gratis tilbod til dei ti elevane som blir plukka ut. Skulen går over eitt år med  fire helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får ein tilbod om tilbakemelding på tekstar mellom samlingane. Første samling er 3.–5. februar 2023. Reise og opphald blir dekt. 

Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Som søkar må du vere over 18 år og ikkje vere etablert forfattar. Du må også ha såkalla minoritetserfaring.

Nokre eksempel på kva Forfattarskulen legg i omgrepet minoritetserfaring: nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn. 

Les meir om Forfattarskulen her.