Som teaterpedagog jobba Tone Nilsen-Bie tett på ungdom. Det fall derfor naturleg å skrive for same målgruppe da ho debuterte som forfattar. Nå har ho skrive to bøker for ungdom: novellesamlinga Sumarvariasjonar (2021), som ho vann Årets Ulest for, og romanen På leit etter hjartet ditt (2022).

Tone Nilsen-Bie (f. 1975) kjem opphavleg frå Florø, men er busett i Alta. Foto: Utenfor Allfarvei Forlag
– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
– Eg las mykje og elska å forsvinne inn i ei fantasiverd. Ofte dikta eg eigne historier om karakterane eg vart kjent med, men då var eg òg med på dei nye eventyra. Eg trur at alt eg las var med på å forme den kreativiteten eg har hatt med meg vidare i livet.
– Kvifor ville du bli forfattar?
– Eg blei sjuk for ein del år sidan og kunne ikkje lenger jobbe som lektor i teater. Då måtte eg finne ein ny måte å få ut kreativiteten på. Det var då eg byrja å skrive skjønnlitterære tekstar. Tidlegare gjekk det mest i scenetekstar som eg kunne bruke i undervisninga.
– Kvifor valde du å skrive for ungdom?
– Som teaterpedagog har eg alltid jobba tett på ungdom, og det var naturleg for meg å skrive for den målgruppa. Når det er sagt, kan det godt hende at det òg kjem bøker for både barn og vaksne på sikt.
– Finst det ein raud tråd i bøkene dine?
– Eg skriv om dei store kjenslene. Til dømes sorg, kjærleik, sakn, einsemd. Så kanskje ein fellesnemnar er psykisk helse og livsmeistring?
– Kva er du opptatt av som forfattar?
– Å ta målgruppa på alvor.
– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
–Eg har alltid ein tekst eller to i hovudet som surrar rundt, men eg er mykje med familien min. Då kan det vere alt frå å sjå film til bading eller vere med på kamp, trening eller anna. Med tre barn som alle har ulike interesser, er det mykje variert å ta del i. Elles er lunsj med venar alltid triveleg.
– Kva forventningar har du til NBU?
– Eg håper NBU opnar opp for nye venskap og gir rom for å oppleve eit kollegialt fellesskap.