«Kva synest andre om meg?» Dette er noko dei fleste lurer på, men for ungdom kan spørsmålet bli altoverskyggande. I dei to ungdomsromanane #Kampklar (2019) og #Naken (2022) tar Nina Rossing for seg dei mørke sidene til sosiale medium. 

Nina Rossing (f. 1976) er oppvaksen og busett i Trondheim. I tillegg til #Kampklar og #Naken har ho skrive tre ungdomsromanar på engelsk. Foto: Eigil Korsager

– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

– Alt. Eg var ein sjenert unge som syntest mykje var skummelt, og eg elska å forsvinne inn i andre verder. Det var ikkje lett å få kontakt med meg mens eg satt med nesa i ei bok. Eg las alt eg kom over, frå aviser og teikneseriar til vaksenbøker. Eg starta nok med vaksenbøker litt for tidleg, for eg forstod ikkje alltid det eg las, men eg berre måtte lese. Eg ønskte meg alltid bøker i gåve, og las dei om att og om att. Biblioteket var også veldig viktig for meg, og der var eg ofte innom. På ungdomsskulen hadde eg sjølvsagt arbeidsveke der!

– Kvifor ville du bli forfattar?

– Forfattarar var jo idola mine i oppveksten, så eg ville herme etter dei. Eg begynte å øve meg på å skrive mens eg gjekk på barneskulen, og på vidaregåande skreiv eg ein del ganske dårlege noveller og pinlege dikt. I studietida tenkte eg mykje på denne store romanen eg skulle skrive, men det blei med tanken. Eg fekk ikkje noko ordentleg system på skrivinga før eg hadde fått ungar og eigentleg var for travel til å skrive.

– Kvifor valde du å skrive for ungdom?

– Eg jobbar som lærar, så eg er omringa av ungdom kvar dag, og då vart det i grunnen naturleg å ville skrive for denne gruppa. Og så får eg jo ei kjensle av å framleis vere litt ung når eg skriv for dei.

– Finst det ein raud tråd i bøkene dine?

– Eg likar å skrive realistisk om samtida, og det som rører seg i samfunnet her og no. «Kva synest andre om meg?» og sosiale medium si rolle i liva våre er nok fellesnemnarar så langt.

– Kva er du opptatt av som forfattar?

– Å skrive likeframt og enkelt, men samstundes spanande og aktuelt nok til at alle kan greie å lese bøkene mine. Det skal vere mogleg å kjenne seg att i noko, og tenkje at denne historia var ikkje så verst. Eg håpar bøkene mine kan få lesarar til å lese fleire bøker.

– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

– Eg er aldri utan ei bok å lese, og av og til vekslar eg mellom to bøker på same tid. Det siste er visst litt på kanten å innrømme, men eg tilstår like godt. Eg syklar dessutan mykje og er med på eit e-sportlag for damer der vi trenar og konkurrerer saman, i kvar vår heim, gjennom eit dataspel som heiter Zwift. Her treffer eg folk frå heile verda, noko som er veldig moro. Elles har eg alltid drive med gamaldagse ting som plutseleg er blitt moderne: strikking, sying og anna handarbeid.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Å finne eit fellesskap med andre barne- og ungdomsbokforfattarar.