I kveld mottok Julia Kahrs og Ida Larmo Brageprisen i kategoriane barne- og ungdomslitteratur og sakprosa for barn og unge. NBU gratulerer!

Ida Larmo og Julia Kahrs. Foto: Nina Ruud og Julie Pike

Julia Kahrs mottok Brageprisen i kategorien barne- og ungdomslitteratur for barneromanen Familien Brattbakk (Gyldendal). Boka handlar om Sam, som nettopp har flytta til Gørja, ein stad som viser seg å bere på hemmelegheiter. Boka var også nominert til ARKs barnebokpris og er ein av superfinalistane til Bokslukarprisen.

Øvrige nominerte:
Hilde Myklebust: Splintra (Samlaget)
Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig (ill.): Grisaldo (Cappelen Damm)
Tyra T. Tronstad: Oppskrift mot ånder som knuser ting (Aschehoug)

I kategorien open klasse, som også i år er sakprosa for barn og unge, gjekk Ida Larmo av med seieren. Hennar teikneseriedokumentar Rigel. Urettens ekko (Strand)  handlar om ei av dei største skipskatastrofene i Noreg,  forliset av MS «Rigel» i 1944.

Øvrige nominerte:
Martin Aas: Det kuleste fra vikingtiden (Kagge)
Aina Basso: Dei dødsdømde (Samlaget)
Peder Samdal: Mer enn en klubb (Cappelen Damm)

Brageprisen består av 75 000 kr og ein Brage-statuett laga av kunstnaren Børre Larsen.