Det er snart julaftan, og fjerde og siste luke i NBUs julekalender er opna. Kva for barnebokforfattar skjuler seg her? Gjettar du rett, kan du vinne ein premie!

Kven er dette?

Under bildet finn du fem hint.

Hint:

  • Forfattaren har gått på boksetrening på Blindern med ein forlagssjef lenge før hen blei forfattar og han forlagssjef.
  • Forfattaren har vore på Celine Dion-konsert i Las Vegas.
  • Forfattaren skreiv i si tid til John Griegs forlag og bestilte heile Ina-serien til Annik Saxegaard direkte frå forlaget.
  • Forfattaren jobba på blomebutikk på vidaregåande, og fekk i periodar betalt i blomar og blomepotter.
  • Forfattaren er seriøst redd for å sitje i skiheisar.

Veit du kven nissen er?

Send svaret på e-post til Ellen i NBU, ellen.liland@nbuforfattere.no, innan onsdag 21. desember kl. 12, og bli med i trekninga av ein premie! Både forfattarnissen og vinnaren blir avslørt her samt på Facebook– og Instagram-sida vår torsdag 22. desember.

SJÅ FASITEN HER