Har du lyst til å utvikle eit nytt formidlingsopplegg innan litteratur i Den kulturelle skulesekken (DKS)? Da kan DKS littlab vere noko for deg.

DKS littlab er eit pilotprosjekt og ein utviklingsarena for litteraturformidling i DKS. Bak prosjektet står alle DKS-fylkesadministrasjonane i landet, Sølvåren Ibsen formidlingssenter, Appelsinia litteraturfestival og Kulturtanken. Målet er å bidra til å skape nytt innhald til DKS-ordninga

Forfattar Mari Moen Holsve saman med elevar/medprodusentar under DKS littlab 2022 i Skien. Foto: Kulturtanken

Formidlingsopplegga innan litteratur i DKS kan ha mange utgangspunkt: ei bok, ein forfattarskap, illustrasjonar, biletbøker eller teikneseriar. Elevane får dessutan møte litteratur på ulike måtar: som forfattarbesøk, skriveverkstad eller gjennom andre formidlingsformer.

Fokuset for den tredje DKS littlab-piloten er nettopp andre formidlingsformer. Kulturtanken søker etter forfattarar som:

  • Har ein produksjonsidé til eit uferdig prosjekt som dei ønskjer innspel på frå fagfeller, DKS-produsentar og elevar.
  • Har ein produksjonsidé som kanskje går ut over det tradisjonelle forfattarbesøket i ein tradisjonell klasseromssituasjon.

Det er ikkje eit krav at ei bok må liggje til grunn for prosjektet.

Deltakarane må setje av tre heile arbeidsdagar, 18., 19. og 20. april 2023. Desse tre dagane skal dei bu og jobbe saman i Skien. Dei vil få hjelp av fagfeller, produsentar/litteraturansvarlege i DKS og andre relevante bidragsytarar til å utvikle litteraturformidlingsprosjekta.

Dei ferdige produksjonane vil bli viste for elevar under Appelsinia litteraturfestival hausten 2023. Målet er også at dei blir melde inn i DKS-portalen.

Søknadsfrist: 10. februar 2023

Les meir her.