Trollkrittet er NBUs debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. I år går prisen til Therese Garshol Syversen for ungdomsromanen Sting (Samlaget, 2022). NBU gratulerer!

Therese Garshol Syversen (f. 1988) arbeider med barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskolen i Innlandet. Foto: Samlaget

Prisen består av 25 000 kroner og eit diplom laga av illustratør og forfattar Stian Hole. Juryen er det litterære rådet i NBU.

Namnet Trollkrittet er henta frå boka ved same namn av Zinken Hopp. Den blei utgitt i 1948 og blir rekna som eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur. 

Therese Garshol Syversen tok imot prisen etter årsmøtet til NBU laurdag 25. mars. Dette er fyrste gong ei bok på nynorsk vinn prisen sidan den blei oppretta i 2011.

Dette seier juryen:

Har du først lese starten på ungdomsromanen Sting, er det vanskeleg å legge boka frå seg. Opninga er ein knapp og effektiv dialog mellom hovudpersonen og psykologen, replikkane sug lesaren inn i det som viser seg å vere ei gripande og tragisk historie om dødeleg vald innafor familien. Hovudpersonen Emma på 16 mista begge foreldra då faren skaut og drap mora, han skada også Emma, og skaut seg sjølv.  

Forteljinga vekslar kjapt og effektivt mellom to tidsplan, kapitla vekslar mellom eit «No» og eit «Då». I notida flyttar Emma frå sjukehuset og til mormor. Emma strevar med hukommelsen, er usikker på kva som eigentleg hende, tviler på kva versjon ho skal stole på. Minna blir gradvis framkalla gjennom terapien, men også i relasjon til mormora og i den framveksande relasjonen til naboguten Hannes. Fortidsdelane av boka er fint integrerte i notidshandlinga, og avdekker steg for steg kva som hende. Far til Emma var jeger, han lærte henne om våpenbruk og jakt, dei hadde eit slags fellesskap i skytinga. Men faren takla ikkje at mor til Emma ville skilje seg frå han. 

 Det er vanskeleg å lage ei truverdig skjønnlitterær framstilling av eit så tragisk og mørkt tema. Men debutanten Therese Garshol Syversen turnerer det særs godt. Boka har ein konsentrert og knapp forteljemåte, og forfattaren styrer klar av sensasjonspreget som slike saker ofte får i media. Noko av det mest overtydande i boka er den truverdige, konkrete og presise skildringa av Emma sine psykologiske prosessar, kroppslege symptom og fysiske reaksjonar.  

Tematikken er mørk, men hovudpersonen Emma kjem seg vidare og går inn i nye relasjonar til folka rundt seg. Therese Garshol Syversen har med si debutbok skrive eit overtydande stykke realistisk kvalitetslitteratur med djupe og truverdige psykologiske skildringar.

Dei to andre nominerte til pris i år var Thorleif Fagertun og Irmelin Persdatter Gustavsen.