Laurdag 25. mars gjekk årsmøtet til NBU av stabelen, som vanleg på Leangkollen hotell i Asker. 

I år var det få kontroversielle saker på agendaen. Medlemmene møtte likevel opp i hopetal.

Kjend møtesal, fleire kjende andlet. Alle foto: NBU

I juli 2021 trådde ei ny lov om kollektiv forvalting av opphavsrett mv. i kraft. Lova stiller krav til forvalting og fordeling av vederlag som er kravd inn på vegner av rettshavarar. Årsmøtet måtte derfor vedta generelle prinsipp om korleis forvaltinga av midla skal føregå for å vere i tråd med lova. Fleire av NBU sine vedtekter blei endra som følge av dette. 

I fjor vedtok årsmøtet at fordelinga av grunnstipend og søkbare stipend skulle endrast frå 50/50 til 60 % til søkbare stipend og 40 % til grunnstipend. I tillegg blei det vedtatt at ein får grunnstipend for minimum 1, maksimum 20 bøker. Før kunne ein få for 30 bøker. På tampen blei det dessutan vedtatt av dei som får arbeidsstipend eitt/fleire år, ikkje får grunnstipend det året/dei åra.

Etter innsendt forslag frå to medlemmer vedtok årsmøtet i år å gå bort frå det siste punktet. Får du tildelt arbeidsstipend, får du også grunnstipend.

Det var også komme inn eit forslag om å utvide valkomitévervet frå to til tre år for å sikre kontinuitet i komiteen. Også dette forslaget blei vedtatt.

Alle kandidatane valkomiteen hadde innstilt til tillitsverv i styret og det litterære rådet blei valt av årsmøtet. Samtlege medlemmer i rådet blei sittande. Styret fekk to nye medlemmer: Nora Dåsnes og Mahmona Khan.

Nora Dåsnes og Mahmona Khan. Foto: Agnete Brun og Mahmona Khan

Leiar Alexander Løken takka deretter av styremedlemmene Bjørn Arild Ersland og Liv Gulbrandsen, som valde å ikkje ta attval etter to år i styret.

Sjå alle vedtaka her

Det kulturelle innslaget under årsmøtet var det Elin Hansson som stod for. Som ein  del av masterutdanninga i litteraturformidling og skrivekunst ved NBI laga ho eit opplegg bygd på barneboka Discosatan av Vera Micaelsen og hardingfeleslåtten «Fanitullen». Før lunsj gav ho oss ein smakebit på den originale komboen.

Det blei også tid til ein liten quiz etter at årsmøtet var ferdig. Eitt av spørsmåla var kva for farge administrasjonsleiar Ellen Liland hadde på dei nye joggeskoa sine. Fasiten finn du under.

Tilfeldigvis hadde rådsleiar Lene Ask på seg ein grøn variant av dei nye skoa til Ellen.

Laurdag kveld var det duka for middag med taler og prisutdelingar. Debutantprisen Trollkrittet gjekk i år til Therese Garshol Syversen og ungdomsboka Sting (Samlaget, 2022).

Samlaget-redaktør og tidlegare NBU-styremedlem Elen Betanzo (t.h.) gratulerer Therese Garshol Syversen med prisen.

Dei gjeve middagsprisane blei delt ut av rådsleiar Lene Ask og rådsmedlemmene Line Halsnes og Johan B. Mjønes. Ein av kveldens prisvinnarar var Nina Borge, som stakk av med Avbrutt samleie-prisen for ungdomsboka Fumbler. I same kategori var Brakfis – verdens mest uheldige gutt av Thomas Framnes ein sterk kandidat.

Som vanleg blir det ikkje årsmøte i NBU utan at Ellen Liland er på plass. I år er det 25 år sidan ho begynte som administrasjonsleiar i NBU, og i høve jubileet hadde NBU bede 25 medlemmer om å skrive ei helsing til henne. Helsingane blei samla til eit innramma bilete, som ei glad og rørt Ellen fekk overrakt under middagen.

Helsingane var sett saman av Ragnar Aalbu, som også var ein av gratulantane.

Resten av kvelden gjekk føre seg i baren, der eit shuffleboard engasjerte opptil fleire medlemmer.

Arne Svingen følger spent med på pucken til Anna Fiske. Vil ho få poeng?

Hans Sande i støtet, flankert av Ingeborg Eliassen, Bjørn Ousland, Atle Hansen og Truls Horvei.

Fleire tidlegare leiarar hadde tatt turen til årsmøtet. Dei blei fanga opp av kamera i ein etter alt å dømme triveleg passiar i baren.

Før og nå. F.v. Bjørn Ingvaldsen, Dag Larsen, Taran Bjørnstad og Alexander Løken.

Fagseminaret søndag handla om kunstig intelligens. Arrangementskomiteen, som bestod av nestleiar Sanne Mathiassen,  Håkon Øvreås og A. Audhild Solberg, hadde invitert to forskarar til å kaste lys over kva kunstig intelligens er, og korleis det vil påverke forfattaryrket.

Morten Irgens, utviklingsdirektør og prorektor for forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid ved Høyskolen Kristiania, foredrog om overgangen frå kunstig intelligens til kunstig kreativitet. Doktorgradsstipendiater ved Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse ved Universitetet i Oslo, Benedikte Wallace, snakka om kva kunstnarar kan få til ved hjelp av kunstig intelligens. I tillegg viste Håkon Øvreås fram korleis han bruker chatroboten ChatGPT når han skriv.

Treng vi vere bekymra? Benedicte Wallace foredrar om kunstig intelligens.

Til slutt på fagdagen fortalde Mari Kjetun og Ingeborg Eliassen om prosjektet Flying Books, som dei har starta saman med Elisabeth Helland Larsen. Dei tar gjerne imot innspel og forslag til bøker. Ta kontakt med dei her.

Kva er minibøker? Ingeborg Eliassen og Mari Kjetun forklarer.