Da Peter Strassegger gav ut sin fyrste roman for vaksne i 2012, Stasia, blei han lønna med Tarjei Vesaas’ debutantpris. Åtte år seinare debuterte han som ungdomsbokforfattar. Den boka, Aleksander den store, vart nominert til både Nordisk råds litteraturpris og Uprisen.

Peter Strassegger (f. 1984) er fødd i Austerrike, men flytta etter kvart til Bryne på Jæren. Han har gitt ut fire bøker for vaksne og to for ungdom. Foto: Henriette Framnes Time (Studio Hjelm)

– Kva betydde litteratur for deg i oppveksten?

Ikkje så mykje, for å vera heilt ærleg. Eg var ein aktiv unge og ville heller springe ut i skogen og fange froskar enn å sitje heime med nasen i ei bok. Mor mi las nok for søskena mine og meg då me var små, og eg hugsar at det var nokre bøker som gjorde sterkt inntrykk på meg, men eg hadde ikkje god nok konsentrasjonsevne til å lese bøker sjølv. Dessutan var me fem barn, og det var nok av distraksjonsmoment i barndomen. Og på ungdomsskulen hata eg å lese og skrive og vart ein udanna pøbel, så det er nett slike gutar som eg var då eg prøvar å nå ut til med ungdomsbøkene mine. 

– Kvifor ville du bli forfattar?

– Då eg flytta til Noreg, kunne eg ikkje snakke eller skrive særleg bra. Og når ein ikkje klarar å uttrykke seg og ikkje klarar å seia kva ein eigentleg tenker og kjenner på, så oppstår ei svært ubehageleg og frustrerande indre blokkering. På ungdomsskulen, då dette stod på som verst, banna eg mykje når eg ikkje fann orda for det eg ville seia.

Men i løpet av vidaregåande lærte eg det norske språket betre, og skjøna kor bra det var å kunne uttrykke seg nyansert, for då kunne eg få kjenslene og tankane ut i ord i staden for å la det byggje seg opp til eit indre sinne og ein frustrasjon (som faktisk gjer at ein kjenner seg dum). Det er ein mogleg samanheng mellom dette og at eg vart både forfattar og psykolog.  

– Dei fyrste bøkene dine var for vaksne. Kvifor ville du skrive for unge også?

Å skrive ei god barnebok som skapar begeistring og engasjement hos både barn og vaksne, ser eg på som ei av dei største kunstformene. Bøker som Mormor og de åtte ungene, Knerten og lillebror, Ole Brumm, Alle vi barna i Bakkebygrenda, Den lille prinsen, eller min tyske favoritt, Den vesle bjørnen og tigeren, er bøker som er enormt rike og skapar ei heilt særeiga innleving når ein les dei. Eg ser på dei som eit forsøk på å utforske den uutgrundeleg store fantasiverda til eit barn.

Dessverre har mange norske forlag for tida meir fokus på action, «tøffe» karakterar, kjappe replikkar og oppbygging av konflikt. Det er mest som dei prøver å kopiere dei billige barneseriane på Netflix. Eg er generelt motstandar av at litteraturen – for både vaksne og barn – skal etterlikne TV-seriar og filmar. Då går ein nettopp glipp av det unike ved å lese litteratur: ein grobotn for innlevinga og utforskinga av det indre menneskelege fantasilivet, som er allment og samstundes svært idiosynkratisk og nær sjølvopplevinga til eit barn. Me har framleis forfattarar som får det til, men forlaga må vera meir villige til å satse på bøker som ikkje brukar dramaturgiske sjablongar.   

– Finst det ein ein raud tråd i bøkene dine?

Til no har det vore vald, krig, utanforskap og det sjølvoppløysande subjektet, så eg er eigentleg ganske langt unna dei temaa eg har lyst til å skriva om i ei barnebok. 

– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv? 

– Å lese, leike med ungane, jobbe, sove. 

– Kva forventningar har du til NBU?

Ikkje så mange. Eg kjenner NBU berre frå utsida etter å ha vore medlem av Den norske Forfatterforening i nokre år. Det blir spanande å bli kjend med organisasjonen frå innsida og sjå kva det går i.