Dette oppropet er skrive av tre skulebibliotekarar på vegner av skulebibliotekmiljøet i Noreg, som står samla om eit krav til Stortinget om at den nye opplæringslova må ha ein tydelegare paragraf om skulebibliotek. Bli gjerne med og signer (nedst på sida).

No må dei folkevalde gje alle framtidige born og unge eit lovverk som sikrar bemanning og høg standard på skulebiblioteka.

Før sommaren skal Stortinget vedta ei ny opplæringslov. Dette høvet må brukast til å leggja eit godt juridisk grunnlag for ei opplæring for framtida. For er det noko me veit, er det at framtida treng gode skulebibliotek.

Alle ill.: David Kvamme Høvik

Unge les mindre på fritida enn før. Det er ei utfordring både for enkeltelevar og for samfunnet. Elevar som fortel at dei ikkje les noko som helst på fritida, skårar langt under gjennomsnittet på PISA-leseprøva. Dårlege lesarar står svakare i eit samfunn som stiller stadig større krav til leseferdigheiter.

Tilgang til bøker har ein tydeleg samanheng med prestasjonar i lesing. Elevar som kjem frå heimar med mange bøker, les betre enn elevar frå heimar som har få eller ingen bøker. Slike forskjellar skal skulen kunna jamna ut, og i dette arbeidet kan skulebiblioteka ha ein nøkkelposisjon.

Skulebiblioteka kan gje alle like moglegheiter inn i lesinga og litteraturen. Som eit vurderingsfritt og inkluderande skulerom, gjev det elevane pusterom og høve til kreativ utforsking. Difor er skulebiblioteka viktige for fagleg læring, men òg for å ta vare på kvar enkelt elev. Eit ordentleg skulebibliotek styrkjer demokratiet og motverkar utanforskap.

Difor må alle elevar ha reell tilgang til eit ordentleg skulebibliotek. Og difor treng skulane pengar og ei lov som fortel dei kva eit skulebibliotek skal innehalda.

Lik rett til opplæring må vera eit grunnleggjande prinsipp gjennom heile opplæringslova. Det er det ikkje i den eksisterande lova, som opnar for stor variasjon i tolkinga av kva eit skulebibliotek skal vera. Slik fører lova ikkje berre med seg store forskjellar mellom bydelar, og mellom ulike delar av landet, ho bidreg også til å gjera sosiale forskjellar større.

Ei ny opplæringslov er ein historisk sjanse til å retta opp i lovverket der den gjeldande lova ikkje fungerer: Stortinget må ta grep for å sikra alle born eit jamgodt bibliotektilbod, og med det vedta ei satsing på leseferdigheiter, leseglede og kunnskap generelt.

Skulebibliotekfolk over heile landet stiller seg bak forslaget om ei slik formulering i paragrafen om skulebibliotek i den nye lova:

§ 15-5 Skolebibliotek

Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek ved eigen skole. Skolebiblioteket skal vere ein integrert del av skolen sitt pedagogiske virke.

Departementet skal gi forskrift om skolebibliotek som presiserer skolebiblioteket sitt føremål, bruk og innhald.

Stortinget kan ikkje nøya seg med å slå fast at alle elevar skal ha tilgang til eit skulebibliotek. Lova må også seia noko om kva eit skulebibliotek skal vera. Fyrst då kan me få eit skulebibliotek for framtida. 

SIGNER OPPROPET HER!

Skrive av:
Elisabeth Jensen Lombnæs, biblioteklærar ved Gamlebyen skole
David Kvamme Høvik, litteraturformidlar og spesialbibliotekar ved Årstad vgs.
Live Havro Bjørnstad, spesialbibliotekar ved Bergen Katedralskole