Noko av det finaste Tone E. Solheim veit er å sette saman ord med det målet å skape kjensler hos andre. 

Tone E. Solheim (f. 1989) debuterte med Svarttrasta syng om natta i 2021. For denne mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris og blei nominert til Uprisen. Eg er V-Vida er den andre romanen hennar.

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Eg har vakse opp omringa av bøker. Hos foreldra mine strekk bokhyllene seg frå golv til tak, og eg har klåre minner av foreldra mine som les – mamma i godstolen, og pappa utstrekt på sofaen i forkant av ein middagskvil. Både foreldra mine og bestemor mi las mykje for meg, og då eg vart litt eldre, byrja eg å høyre på lydbøker som mor mi lånte på biblioteket. Lenge var det å høyre på lydbøker noko av det kjekkaste eg visste – då kunne eg teikne og lese på same tid, noko eg framleis gjer. Fysiske bøker las eg mindre av, men dei gongane eg gjorde det (i all hovudsak på campingferiar og turar til Syden), var Grøsserne-bøkene til R.L. Stine og bøkene om Nancy Drew svært populære. Og så Harry Potter-bøkene, sjølvsagt, men det er ei heilt eiga historie. Elles gjekk det mykje i teikneseriar, som Donald og Billy.

Kvifor ville du bli forfattar?

Eg har alltid likt å skrive, men det var først då eg oppdaga Harry Potter-universet at draumen om å skrive eigne historier byrja å ta form. I fleire år levde og anda eg for historiene om Harry Potter – på eit tidspunkt laga eg til og med ei eiga utgåve av den fiktive Aftenprofeten som del av ei 4H-oppgåve, med sjølvkomponerte artiklar, bokmeldingar og reklamesider. På ungdomsskulen hadde eg ein norsklærar som oppmuntra heile klassen til å skrive, og heime hadde eg ei bestemor som skreiv dikt. Sjølv skreiv eg mest korte historier, men brukte desto meir tid på å dikte opp karakterar og scenario i hovudet mitt, i håp om at det ein gong kunne bli til noko meir. Det høyrest kanskje klisjé ut, men det å sette saman ord med det målet å skape kjensler hos andre, er noko av det finaste eg veit.

Kvifor valde du å skrive for ungdom?

Eg hugsar veldig god korleis det var å vere ungdom. Når ein er tenåring kjenst liksom alt ekstra mykje, både på godt og vondt. Når alt er kjipt og ingen forstår deg, er bøker veldig fine å ha. Gjennom dei kan du drøyme deg vekk til andre verder, og møte karakterar du kan sjå opp til og kjenne deg att i. Kort fortalt – bøker får ein til å kjenne seg mindre åleine. Sjølv fann eg mykje tryggleik i bøkene om Harry Potter som tenåring, og tanken på at mine bøker òg kan vere ei trygg hamn for nokon, betyr veldig mykje for meg.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Eg vil at det skal vere plass til alle typar menneske i bøkene mine. Ingen menneske er perfekte, og det er ikkje karakterane i bøkene mine heller. Edith slit med å styre kjenslene sine, Martha er prega av sorg og angst. Vida har vanskar med å tru at ho er verdt noko som helst, og Viktor veit godt korleis det kjenst å vere annleis. Det er viktig for meg å gi plass til karakterar som kanskje elles ville enda opp i bakgrunnen, og gi ei stemme til dei som av ulike grunnar ikkje vågar å snakke høgt.   

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Inkludering og representasjon. Vi treng alle karakterar vi kan kjenne oss att i og identifisere oss med, og då kanskje spesielt ungdom. Det å kjenne seg heilt åleine i verda, er vondt. Då er det godt å bli minna på at ein aldri eigentleg er åleine, at andre har gått gjennom det same som du går gjennom, hatt dei same kjenslene du har. Og her kan bøker verkeleg spele ei avgjerande rolle. Representasjon var ein av motivasjonsfaktorane mine då eg skreiv «Eg er V-vida». Det finst mange barn og unge med ulike grader av funksjonsnedsetting i Noreg, og dei treng litterære karakterar å kjenne seg att i på lik linje med alle andre. Dessutan meiner eg at eksponering er svært viktig – jo meir ein er eksponert for noko, jo meir normalisert blir det.

Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

Eg likar å vere kreativ på andre måtar. Eg teiknar mykje (sjekk gjerne ut tonee.solheim på Instagram om du er nyfiken) og les ein god del, i alle fall i periodar. Innimellom tek eg fram symaskina og syr ein kjole eller to, eller broderer ein popkultur-referanse med ein TV-serie spelande i bakgrunnen. Elles likar eg å sitte på kafé i timesvis, og gå turar med ein podcast på øyret.

Kva forventningar har du til NBU?

Å skrive er eit einsamt yrke, så eg ser fram til å møte andre forfattarar og bli del av det gode NBU-fellesskapet.