Ho klatra mest i tre og løp rundt og var sosial då ho var lita. For Heidi Marie Vestrheim var lesing noko ein gjorde på kvelden og ikkje særleg ofte. At det var forfattar ho skulle bli, var nærast eit tilfelle.

Heidi Marie Vestrheim (f.1977) debutera med Jenny Fender på Gyldendal ifjor, som ho fekk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2023. Boka har og blitt nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen. Foto: Jan Tore Eriksen / NORLA

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Eg har så gode minner frå høgtlesing på sengekanten, det var magi. Hugsar når me begynte å lese «lange bøker», ikkje berre korte natta-historier, men at kvar kveld skulle me plukke opp tråden frå kvelden før. Så spanande det var! Liksom krype under dyna og inn i ei anna verd. Når eg begynte å lese bøker sjølv, så var eg ikkje eit slikt barn som låste døra og la meg ned på varme badegolv og las bøker så lenge at folk lurte på kvar eg var. Eg sprang rundt og var så sosial eg kunne, leika masse rollespel og klatra på tak og opp i tre, lesing var mest på kvelden og ikkje noko eg gjorde veldig særleg ofte. 

Kvifor ville du bli forfattar?

Vel, eigentleg hadde eg ingen planer om å bli forfattar, det skjedde litt sånn av seg sjølv. Eg har jo alltid likt å skrive, men har stort sett skrevet songtekstar, kortare tekstar i antologiar og manus til tv, radio etc. Men etter fem år i NRK Super med uendeleg mykje produksjon av innhald, musikk og show for ungar, vart eg meir og meir glad i målgruppa og det dei likte å bli underhaldt av. Dei siste ti åra har eg også jobba mykje på ulike litteraturfestivalar og der vart eg introdusert for folk som snakka varmt om Norsk barnebokinstitutt og oppfordra meg til å søke der. Det gjorde eg og det er noko av det beste som har skjedd meg! Det var heilt magisk å plassere den ibuande skrivelysten min inn eit organisert opplegg. Då vart det bok!

Kvifor valde du å skrive for barn?

Veit ikkje heilt om det er eit val. Det har berre skjedd naturleg. Fyrste historia eg skreiv, var i ein antologi – og den hadde veldig sånn Young Adult-swung over seg. Om mi fyrste forelsking, som var ei kul jente som kom til bygda frå sjølvaste USA i fyrste klasse på vidaregåande. Eg elskar alle overgangane me har i livsløpet; frå born til ungdom, frå ungdom til vaksen, frå singel og barnlaus til etablert forelder og så vidare. Eg syns sjølv dei fasane har våre mest trøblete, men og dei mest interessante å leve. Det skjer mykje der som er kjekt å skrive om. Det er så mykje og eksistensielt og mange svære følelsar. Som vaksen er det luksus å kunne sjå tilbake på levd liv og minnast og dikte vidare på barndomen og alt det me vaksne veit at den inneheld.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Nei, det veit eg ikkje heilt endå. Men det eg har skrivi til no har handla mykje om å la folk få være seg sjølv, gripe den energien dei har og la det stå til. Ikkje føle på skam eller trongen til på passe inn, men dure på, uansett. Så er eg glad i Vestlandet då, og fjorden og havet. Likar å plassere karakteren i eit trygt eller stabilt miljø, med greie familieforhold – slik at det er rom for alt det andre dramatiske som skjer i livet og følelsane og topplokket til folk i det ein skal finne ut av kven ein er og kva ein vil.

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Det må vel være det då, at det må være plass til alle typar karakterar. Å gi unge lesarar mangfald, at det finns ulike bøker der for dei. Så prøver eg å snikinnføre god musikk til kidza…mindre russefest og meir analog fuzz i sveitte øvingslokale med øving og hardt arbeid!

Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

Spele i band, reise på turne, prate i radioen, være med venner, lese saman med ungane mine, ete på restaurant med kåno mi, køyre langt i bil, høyre på musikk, være i sauna ved ein kald fjord, drikke kaffi på kafé, være på hytta, lage smuldrepai, plukke bær og lage syltetøy, gå på tur i fjell, brenne bål, fiske, gå på konsertar, sjå på folk, være i byen, spele kort, gå med kosebukse og sjå på tv til langt på natt.

Kva forventningar har du til NBU?

Eg har høyrt rykte om eit aldeles fabelaktig årsmøte med påfølgande fest! Det er fint å høyre til ein stad som forfattar, ein driv jo mykje og soser for seg sjølv. Ha eit møtepunkt, ein stad for å oppsøke informasjon om bransjen, rettigheiter, stipendordningar og slikt.