Thoralf Fagertun (f. 1980) drømte om å bli fotballproff, men då førtiårs-krisa kom oppdaga han at det var barne- og ungdomsforfattar han eigentleg skulle vera.
Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
Eg blei lest mykje for og leste litt sjølv òg. Eg var fascinert av teikneseriar som Tintin og Franka, og prøvde å teikne sjølv. Det klarte eg ikkje, men å skrive gjekk betre. Det var noko med korleis både bøker og teikneseriar vatna mi eiga kreativitet og ga meg lyst til å skape historier, karakterar, univers.
Kvifor ville du bli forfattar?
Eg ville strengt tatt ikkje bli forfattar, men fotballproff. Dessverre var eg ikkje særleg god til å spele fotball. Forfattardraumen dukka opp i slutten av tenåra, forsvann igjen då eg fekk ungar og ikkje hadde tid og krefter til å tenke ein gong, og viste seg ikkje igjen før under 40-årskrisa.
Kvifor valde du å skrive for barn?
Tove Jansson og Roald Dahl. Dei står bak bøkene eg både huskar og likar best. Eg har studert litteratur og lest vaksenbøker òg, altså, men fantasien og friheita som følger barnebøkene er noko eg sett svært høgt.
Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?
Eg har jo berre skrive to bøker og sjølv om dei er temmeleg ulike, finst det felles ingrediensar eg håpar å bruke igjen om eg klarar å skrive meir: Venskap, fantasi, humor og galskap.
Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
Mykje lys og mykje varme. Eg vil skrive morosame og fantastiske historier, som folk blir glad av å lese. Hos meg finn du ikkje fedrar som slår og mødrer som drikk, men heller solskinn og kattungar. Riktig nok finn du òg kannibalar, spøkelseshus og rikeleg med nær-døden-opplevingar, men stort sett er det god stemning.
Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
Eg har tre ungar på 15, 16 og 20 år som alle speler fotball, så eg er stort sett tilskodar på langvarige fotballkampar. Det likar eg. Elles trør eg gjerne rundt i skog og mark saman med hunden min Buffy.
Kva forventingar har du til NBU?
Eg håpar NBU kan være litt storebror i skulegarden og beskytte meg mot bøller. Så har eg allereie fått rikeleg med hjelp sjølv utan å være medlem, gjennom debutanttreff, informasjon om kontraktar på heimesida og e-postar om diverse stipend.