Har du utgitt di fyrste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbok i år? Da er du hjarteleg velkommen til NBUs debutanttreff!

Kvart år inviterer NBU årets barne- og ungdomsbokdebutantar på debutanttreff. Her får dei vite meir om foreninga og forfattaryrket. Og dei får ikkje minst høve til å bli kjend med kvarandre og dele erfaringar om korleis det er å debutere som forfattar.

I år finn debutanttreffet stad torsdag 26.september kl. 18:00 – 21:00 i NBUs lokale i Kronprinsens gate 17 i Oslo (Ingeniørenes Hus, 6. etasje).

Seks av debutantane som kom på debutanttreffet i 2022. F.v. med klokka: Kirsti Kristoffersen, Linnea Vestre, Maren Skolem, Catharina Wandrup, Teuta Dibrani og Ingrid Z. Aanestad. Foto: NBU

Program: 

  • Alexander Løken, leiar i NBU, informerer om foreininga og gir nyttige tips for ferske forfattarar
  • Johan B. Mjønes, leiar i NBUs litterære råd, informerer om rådet og kunsten å søke om stipend
  • Nora Dåsnes, forfattar og illustratør, fortel om bokdebuten sin og forfattaryrket
  • Ingvild Herzog, dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, informerer om Norsk Forfattarsentrum og forfattarformidling

Det blir enkel servering. Meld deg på innan 20. september til  ellen.liland@nbuforfattere.no.

Velkommen!

Er du debutant og har ikkje fått invitasjon på e-post? Ta kontakt med NBUs sekretariat: sekretariat@nbuforfattere.no, så får du invitasjon!

Les rapport frå debutanttreffet i 2022.

NBU  har dessverre ikkje høve til å dekke eventuelle utgifter til reise og opphald.