I 2023 fekk Therese Garshol Syversen (f.1988) Trollkrittet NBUs debutantpris for ungdomsromanen Sting. No har den vanskelege andreboka komen og Klassekampen har allereie sagt ho burde bli pensum på ungdomsskulen.
Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
Utan bøker hadde eg aldri kunne leve det livet eller hatt dei moglegheitene som eg har no. Så bøker var viktige for meg i oppveksten og er det framleis. I tillegg er eg glad i film og det å oppleve historier uavhengig av medium. Ofte har eg jo tenkt at det handlar om å få eit avbrekk eller ein pause, det å kunne forsvinne inn i noko anna. Men kan hende det handlar like mykje om å kople seg på, eigentleg.
Kvifor ville du bli forfattar?
Eg likar det å dikte, bruke fantasien til å skape historier. Det er også kjekt å gi historia ei form og jobbe med sjølve uttrykket. Eg har nok ei lystprega tilnærming til skriving ved at det skal vere gøy, rett og slett. Og det synest eg også at det er, sjølv om eg ofte jobbar med ganske mørke univers. Det er spennande å konstruere ulike karakterar for så i neste ledd utsette dei for kvarandre, sjå kva som skjer.
Kvifor valde du å skrive for ungdom
Tida som barn og ungdom er del av meg framleis, og eg har ikkje noko ønske om å sleppe det perspektivet. Som ung drøymde eg om å bli forfattar, og no er eg forfattar som skriv om det å vere ung. Det gir meining og kjennest rett. Dessutan gjer det barnlege perspektivet at eg lettare kan kople meg på ei leikande form, vere her og no, tett på i skrivinga.
Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?
Viss ein legg ein utvida betyding til grunn, så er foto ein fellesnemnar i det eg skriv. Historia som konstruksjon og psykologi er også felles.
Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
Det er mange ting eg er opptatt av, men kanskje særleg det som handlar om estetisk form. Eg likar ei knapp framstilling med eit poetisk, fortetta språk. Så er eg også opptatt av intensitet og dynamikk i verket. Og at viss ein skriv om mørke tema, slik eg gjer, så skal det likevel vere noko leikande i forma. Viss det blir for tungt, kan det ofte falle flatt, synest eg. Så kontrastar er viktig. Og det å skrive med ein viss brodd, ikkje glatte ut og harmonisere for mykje, verken i innhald eller form.
Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
Lese, gå tur, høyre på musikk. Gjere noko praktisk iblant, pusse opp.
Kva forventningar har du til NBU
At dei jobbar for medlemmane sine og at det skal vere ein fin stad å vere.