Eg har lenge hatt lyst å poste dette diktet, men eg har vegra meg, for eg ser heile tida nye tolkingar som gjer at lesaren tenkjer: – ah, det handlar om den nye jobben!
Ah! Det handlar om den gamle jobben! – Eg veit, det handlar om alt det nye, om det gamle ein forlet!

Det handlar såklart om at eg skal frå ein ting til noko anna. Frå ein by til ein anna. Eit hus til eit anna (som eg enno ikkje veit kvar er!). Ein jobb til ein annan. Eit liv til eit anna.

Eg skal hit
Det betyr at eg skal bu her.
Eg skal flytter herifrå.

Det handlar om alt dette. Men aller mest om at det er uvanleg varmt i dag, sist i september, og flugene går hausten i møte.

SMÅ FLUGER

små fluger skal også leve.
Mor deira er død.
Far deira er død.
Brør og søstre er døde.
Desse småflugene er dei siste.
Nå må dei klare seg sjølve.

Einar Økland. På frifot, 1978

(og, ja, han skriv NÅ, ikkje NO. Eg kvapp første gongen).

God helg-