Nokon gonger kan eit ord vera nok, som her i ein av mine favorittseriar ”The Wire”. Dette her går jo fint som snus i ein tv-serie, men det ville neppe fungert i ei bok. Eller kven veit? Eit tips til den som vil bli bra på dialog er i alle fall å sjå film, tv-seriar og teater.



 

Love and hate

Eg elskar og hatar å skriva dialog. Grunnen til det er at det er først når eg greier å få karakterane mine til å ha bra samtalar at historia får liv. Ingenting er verre enn å skriva dårlig dialog.  Eg veit at eg skriv dårlig dialog når praten liksom ikkje flyt. Vel, nokon gonger skal dialogen hakka så klart, men då er det tilsikta hakking.

Av og til blir eg spurt om kva bok eg har skrive sjølv som eg er mest nøgd med. Vel, når det kjem til dialog er eg mest nøgd med bøkene om Engel Winge, eller det er i alle fall dialogane i desse bøkene som er gøyast å skriva.


Her er ein smakebit frå Englefjes (2008):

 

– Har du høyrt noko? spør Ole.

– Eg er journalist, trur du nokon er interessert i å fortelja meg noko? spør eg.

Det blir stille gjennom eit par svingar, før Ole spør om det var Georg Thomsen sin BMW eg kasta opp på.

– Var det ein BMW? spør eg.

– Har du noko imot Georg Thomsen? spør Ole.

– Nei, det var eit uhell, seier eg.

– Det er hærverk, du er heldig sidan eg ikkje seier noko vidare og lèt deg sleppa med ei åtvaring, seier Ole.

– Vil du eg skal takka deg, eller? spør eg.

– Og når du er edru igjen i morgon, så skrur du av trimsettet på mopeden din, seier han.

– Ser eg ut som om eg kan skru moped? seier eg.

Mykje tullpreik

Når me snakkar med kvarandre sånn til vanlig, så er det ikkje alltid så mykje strålande glupt som kjem ut. Ein vanlig tabbe er å prøva å fortelja noko som er viktig for historia gjennom dialog. Då endar det ofte med lange monologar. Det kan sjølvsagt funka det også, men du skal ikkje ha for mange lange monologar i ei bok før det blir både tungt å lesa og forvirrande.

Send aspargesen!

Under er den herlige middagsscena frå American Beauty. Legg merke til kor effektivt det er at dei snakkar forbi kvarandre og at dialogen ikkje er logisk og pyntelig. Og sånn er det vel ofte i livet også, folk snakkar forbi kvarandre og held på i sitt spor utan å høyra på den ein snakkar med.

 

Den der dialogen skulle eg gjerne ha skrive!

Tv-serien Downton Abbey byr også på mange herlige replikkar.

Kva er din favorittserie, film eller bok når det kjem til dialog? Veit du svaret på dette, så har du kanskje nøkkelen til korleis du kan skriva betre dialogar.