Kvifor skriv eg denne boka?

For Renate Nedregård var det viktig å finna ut kva historie ho skulle fortelja og kvifor, før ho kunne setta i gong med bokprosjektet. Dette er ganske viktige ting å tenka på. Altså kva er det du vil fortelja og kvifor? Ein annan ting som er viktig er å vera engasjert i det du skriv, for Renate måtte også finna ut kvifor det var viktig å fortelja denne historia. Først når ho hadde alt dette klart for seg, kunne ho skriva debutromanen Mirakel. Ei bok som fekk mykje merksemd og også har kome ut i Sverige.

Om Mirakel:

 

”Det trengs ingen Gud for å skape et mirakel.

Popstjernen Miracle har fikset det!
Hun topper hitlistene, reiser verden rundt på turné og lever et liv andre bare kan drømme om.
Hun er vakker, vellykket – og griseheldig.
Men en dag får hun en mail fra fortiden. Og plutselig står hun ansikt til ansikt med seg selv – den anonyme solisten i Ten Sing, som trodde sangen var en gave fra Gud.
Hva skjedde egentlig på veien?
Og hvorfor er det så vanskelig å se seg tilbake?”

Foto: Joar EM Klette, Cappelen Damm

Eigentlig så skal ein ha handlinga i boka så klart for seg at ein kan skriva ein tekst som denne, før ein i det heile har begynt på boka.
Verkar det umulig? I så fall så veit du kanskje ikkje heilt kor du skal med forteljinga di….

 

Den vanskelige andreboka

Renate er no i gong med den vanskelige andreboka, du kan følgja henne i arbeidet på bloggen hennar.

Også denne gongen er det viktig for Renate å finna ut kor det brenn i historia, kva er det ho vil seia? Renate vil meir enn å berre underhalda, ho vil utfordra lesarane til å tenka sjølv etter at dei har lese ut boka.

 

HAR DU EIT MÅL OG EI MEINING MED DET DU SKRIV?