Einstein. Albert Einstein. Ein nærast mytisk skikkelse for mange. Med sitt bustete hår og tysk-engelske aksent, har han vorte sjølve symbolet på ein vitskapsmann. Han blir gjerne omtala som eit av dei største genia i nyare tid. Einstein vart fødd i Ulm i 1879, og lat oss få det unnagjort, først som sist: det at han skal ha vore spesielt dårleg på skolen, og såleis framstå som eit slags alibi for alle som ønskjer å skofte skulen, er rett og slett ein myte. Gjer leksene, og følg med i timen.

I starten av sitt vaksne liv jobba han i ein periode ved patentkontoret i Sveits. Medan han jobba der, pusla han jamleg med fysikk. Etter kvart kom resultata av denne verksemda. Einstein utvikla først den spesielle og seinare den generelle relativitetsteorien. Han fekk Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av den fotoelektriske effekt i 1921, ei oppdaging som danna grunnlaget for kvanteteori i fysikken. Han forespeila òg for president F.D. Roosevelt den komande utviklinga av kjernefysiske våpen, i tillegg til at han var ein dugeleg lingvist. Lista over bragder er lang, og mykje av dette kan du lese i David Bodanis velskrevne bok om den kanskje mest namngjetne formelen i verda, E=mc². I boka tek Bodanis for seg mykje meir enn kun Albert Einsteins liv, da han òg skriv om arbeidet innafor fysikken som førte fram til dette punktet i historia. Til og med Noreg og Jøssingfjorden er nemnt, da sjølvsagt i forbindelse med tungtvatn, synkande fergjer og andre verdskrig.

Alt dette omkring Einstein er kanskje kjent frå før, men det kanskje ikkje alle veit, er at da Albert Einstein døydde i 1955, vart det gjort ein obduksjon av han. Undersøkinga av den daude kroppen til Einstein vart utført av ein mann med namn Thomas Stoltz Harvey. Etter obduksjonen såg Harvey sitt snitt (“haha”) til å ta vare på Einsteins hjerne for ettertida. Einstein sjølv hadde ikkje gått med på å donere dei indre organa sine til forskning, men tanken på å la hjernen til et geni av Einsteins kaliber gå tapt vart for mykje for den stakkars patologen. Delar av den 1230 gram tunge hjernemassen vart skiva opp i lauvtynne skiver, 170 i talet, og skipa til ei rekkje prominente hjerneforskarar. Etter kvart kom det sjølvsagt fram at hjernen var tatt vare på i forskningssiktemål, og fleire har sidan den gong skrive bøker om geniets hjerne. Deriblant ei bok kor forfattaren Michael Paterniti tek med seg hjernetjuven Harvey på ein tur igjennom USA for å levere restane av Einsteins grå masse tilbake til familien: Driving Mr. Albert: A Trip Across America With Einstein’s Brain. Diverre har vi ingen utgåver av nemnde bok her på huset, men våre kumpanar på Solli plass skal ha eit eksemplar hjå seg.

Apropos det å sjå sitt snitt til å gjere noko for eiga vinning; i 2002 stjal ein ansatt i NASA eit pengeskåp fullt av månestein, altså stein frå månen. Historia kan du sjølv lese i boka Sex on the Moon: The Amazing Story Behind the Most Audacious Heist in History, skrive av Ben Mezrich.

No om dagen er Einstein og hans namngjetne formel nok ein gong i søkjelyset. Forsøk utført av Fermilab i USA viser nemleg at det kanskje likevel finns partiklar som kan flytte seg raskare enn ljoset. Altså at c kanskje ikkje er universets øvre fartsgrense likevel.

Men uvissa rundt målingene som nyleg er gjort er ganske mykje større enn t.d. uvissa i målinger som blir gjort for å slå fast lysfarta. Målingane frå fjella i Gran Sasso i Italia har eit slingringsmon som er ein million gonger større enn til døme målingane gjort for å fastsette ljosfarta. Siste nytt frå forskarane ved OPERA er at feil på optiske kablar eller feil tidsstempel på GPS-målingane kan vere opphav til feil i målingane. Meir utdjupande informasjon håper ein å få no i mai og juni, når dei har gjort fleire forsøk og rekna på dei data som dei har samla inn. Mens vi venter og smører oss med tålmod, kan vi lese oss opp på emnet. Ein god stad å starte er med Stephen Hawking sine bøker The Grand Design og A brief history of time: from the Big Bang to black holes. Eventuelt på norsk har vi Jack Falaos Kvantefysikken: en fantastisk fortelling om virkeligheten.

Jørgen

Arkivert i:Boktips, Fagbøker, Fysikk, Historie, Medisin, Naturvitenskap Tagged: A brief history of time, Albert Einstein, Ben Mezrich, David Bodanis, E=mc²: en biografi om verdens mest berømte ligning, Fermilab, geni, Gran Sasso, hjernemasse, Michael Paterniti, Stephen Hawking, The grand design, Thomas Schultz Harvey