Tiger og eg leikar butikk!

Det er ikkje alle forfattarar som likar å innrømma det, men saka er den at vi må få seld bøkene våre for å få kunna skriva fleire bøker. Så korleis får ein bøkene sine i store stablar i bokhandlarane? Eg har prata med forfattar og redaktør på Juritzen Forlag, Tiger Garté, og i følgje han nyttar det ikkje å vera sjenert, og av og til kan det rett og slett vera på sin plass å ta saka i eigne hender…

Huff ja, forfattaryrket er ikkje lenger sånn at ein kan sitja i fred på rommet sit å skriva mens forlaget og lesarane tørstar etter meisterverka dine. Men heldigvis så finns det ting ein kan gjera. Legga ut små filmar på youtube, flytta litt på bøker i bokhandlarar. Og så er det jo nokon som har vore særlig greie mot både Tiger og meg om denne bokhausten og det er dei mange og seriøse bokbloggarane. Dei gjer sitt til at fleire og eit meir variert utval av bokåret også blir omtalt.

 

Ein annan ting som også er verd å tenka på er at det å bygga eit forfattarskap tar tid.

Og har du enno ikkje kjøpt julegåver, så finns det bøker som passar for alle. Du treng berre klikka deg inn i nettbokhandelen så finn du det du treng for ei god jul eller ta turen til din lokale bokhandel.

 

Eg skal ublygt innrømma at dette var eit av høgdepunkta for boka mi i år! Tenk å få plass i vindauga på Norli i Bergen. Herlig.