Syngja av Lars Amund Vaage handlar – som eg går ut frå at dei fleste har fått med seg no – om dottera hans som har autisme.

Eigne barn er vel det svakaste punktet hos alle vaksne – som altså har barn. Dersom ungane ikkje har det bra har heller ikkje foreldra det. Ein sluttar vel eigentleg aldri å bekymre seg for ungane sine, og når dei er slike som ”G” så er det ekstra tungt. Då får ein aldri heilt fred.

Når ”G” har dårlege periodar lyt forfattaren ”sjå på henne for å kjenne verknaden av hennar smerte” og han syner lesaren all si maktesløyse. Etter at ”G” flytta heimanifrå på institusjon vert det mange turar over fjellet for faren. Boka fikk meg til å tenke på ”Keiseren av Portugalien” av Selma Lagerlöf som og handlar om ein fars altoppslukande kjærleik til dottera.

Vi får og høyre om då forfattaren og ”T” byrjar å skjøna at alt ikkje er som det skal med den vesle dottera deira. Og om tvila og om angsten. Og om korleis det føles ha eit sterkt funksjonshemma barn når barna til alle venene er friske. Forfattaren går og hardt ut mot den såkalla åtferdsterapien. Er det rett å styre ”G” i ei spesiell retning?

Å SKRIVE 
Dessutan handlar boka om å skrive. Som alle veit er Lars Amund Vaage ein forfattar som brukar få gode kritikkar og fleire prisar, ”Eg blir rekna med som viktig i norsk litteratur” men då han skulle skrive om dette byrja han å tvile. Korleis skal han skrive om dette?  Får han i det heile tatt til? Er det riktig å gjere det?

Forfattaren skriv om både mor til ”G” ( altså ”T”) og den nye kona si. ( Nysgjerrige som ikkje veit kven det er får google litt. ) Utleverer han dei? Går han over streken? Eg synst vel ikkje det, men hadde det vore i ei tid før Knausgaard, facebook og andre sosiale media hadde eg kanskje lurt litt. Den einaste eg no ser han utleverer er seg sjølv, dette er ei ubarmhjarteleg ærlig bok.

BUSSAR
Boka handlar og litt om bussturar rundt i Hordaland (og seinare andre stader). (Forfattaren møtte ”T” då han var bussjåfør, og for å ha råd til å bu i det dyre rekkehuset dei syntest dei måtta ha på grunn av ”G” køyrde han og mykje buss i periodar seinare.) Han samanliknar bussen som transportmiddel med tog

”det er som om toget kjem og går i draumeland, og som det understrekar landskapet det fer gjennom, gjer det vakrare og meir jomfrueleg. Eller flyet, gir det ikkje ein snev av fridomskjensle til dei velståande?”

”Bussen er eit esel, ein proletar blant køyretøya. Hadde Jesus kome inn i Jerusalem i dag, ville han tatt bussen. Bussen manglar glamour og venleik” s 208

Dette er altså og ei av dei nominerte bøkene til Ungdommens Kritikerpris. Og så til 1000-kronersspørsmålet: korleis vil denne boka slå an hos ungdommane?
Eirik meiner at ”Måten Vaage skriver på er en smule spesiell. Han er helt klart en poet og på flere måter en filosof”. Og det er vel ikkje så umogleg å vere einig i.

Då eg satt og las denne boka byrja ”When something is wrong with my baby, something is wrong with me” å dure i hovudet mitt. Så då kan vi jo rett og slett høyre litt på denne Stax- klassikaren. 

Bente har og skrive om denne boka.   

Nett no driv eg å les eibok om ein notorisk utru ekteman. Fylgj med, fylgj med!