Det har vore stille på bloggen min sidan i fjor. Og eg er stille ei stund rett og slett fordi eg tenker og skriv. Det er utrulig fint, og er det privilegiet forfattaryrket fører med seg. Eg er nok ikkje den einaste forfattaren som meiner at det må vera stille før det kan skje noko. Dei gode tankane og ideane kjem når eg er for meg sjølv og les eller går turar i skogen. Alt som barn likte eg å ha åleinetid. Åleinetid der eg låg på senga og las bok etter bok eller berre stillte opp leikene mine, såg på dei og dikta opp historiar der bamsen og dokka var levande vesen i ei magisk verd.

Og før eg går tilbake til stilla igjen, så vil eg dela denne videoen frå TED med Susan Cain, ho som har skrive boka Quiet: The Power of Introverts.

Eg har bestillt boka i bursdagspresang til meg sjølv, og ventar i spaning på at den skal koma i posten.


No er det jo sånn at trong til å vera introvert ikkje betyr at ein er sjenert, eller hatar andre sitt selskap. Eg har også sosiale sider, og likar å møta kollegaer. Når det vårast igjen så skal eg mellom anna ut å sanka fleire intervju til Bak Bøkene. Eg håpar å treffa mange spanande forfattarar og bokfolk under Litteraturfestivalen på Lillehammer, og at eg klarar å ta mot til meg å spørja om dei vil vera gjester på bloggen. Det å spørja om å få intervjua nokon, kostar meg alltid litt nerver. Sjølv som journalist grua eg meg for å ta desse telefonane for å spørja. Like stor påkjenning kvar gong. Like overraska kvar gong folk var positive og sa ja.