Min tremenning, forfattar og musikar Roald Kaldestad har sett i gong ein rykande fersk litteraturfestival på heimstaden til sin far, diktaren Per Olav Kaldestad. Eg var invitert til å skremme ungane på føremiddagen, på ettermiddagen var det bokkafé og på kvelden var det opplesing av blant andre Arne Torget, Lars Amund Vaage, Per Olav Kaldestad og Hans Sande. Til slutt hadde det irsk-inspirerte bandet Myle konsert.
Ekstra kjekt for meg å ha med dotter mi i rolla som Svarte-Mathilda, dette sette ein ekstra spiss på framsyninga. Heile arrangementet blei holdt i ei gammal løe, noko som laga ei fin ramme rundt festivalen.