Fra litteraturtidsskriftet bøygen har Oversetterbloggen fått følgende utlysningstekst:
 
Bøygen søker tekst:

Litterær omsetting og litterær omsettar
Praksisen med å omsette litteratur har til alle tider vore akkompagnert av ein debatt om meiningsoverføring, lojalitet, tap og påstanden om at omsetting eigentleg ikkje er mogleg. Samstundes får ein tak i litteratur frå alle verdsdelar omsett til sitt eige språk, og mange les omsette bøker utan eingong å tenkje over at det ikkje er originalspråket dei les. Kva er det som skjer med ein tekst som vert omsett, og kva meiner ein eigentleg med tap i omsetting? Dette er emne vi har lyst til å undersøkje nærmare i neste nummer av bøygen, der vi vil sjå på omsetting gjennom omsettaren sine auge.

I bokmeldingar av omsette bøker er det ikkje ofte at omsettaren blir nemnd – med mindre det er ei ”dårleg” omsetting. Kva som gjer ei omsetting god er det heller ikkje alltid lett å lese ut av bokmeldingar av omsett litteratur. Viss det er det at ein ikkje skal merke at teksten er omsett, betyr det at teksten er dårleg om omsettaren er synleg? Kor mykje arbeid ligg det bak det å gjere seg sjølv usynleg? Dikotomien fornorsking og framandgjering er mykje diskutert, både av forskarar og praktiserande. Antoine Berman går så langt som til å hevde at det å erstatte dialektale uttrykk i originalen med tilsvarande norske uttrykk er ei form for latterleggjering av litteraturen som vert omsett. Korleis veger omsettaren lojalitet overfor forfattaren og det å skape flyt på målspråket opp mot kvarande? Kan ein omsettar la sin eigen stil skinne gjennom? Eit anna tilbakevendande ord i omsettingsdebatten er ansvar, først og fremst når det gjeld etiske spørsmål. Kan omsettaren ta uetiske val? Kva med ansvaret for forminga av språket – ligg også det hjå omsettaren? Kva for ansvar har i så fall forlaga?

Om du har erfaring frå omsetting og refleksjonar du har lyst til å dele, ein utanlandsk forfattar du har lyst til å presentere i norsk språkdrakt, eller nokre tankar om desse spørsmåla, tek vi gjerne imot tekst frå deg. Bøygen # 4/2013 har tema ”Litterær omsetting”, og vi tek imot essay og fagtekstar, bokmeldingar av omsett litteratur, og blir glade for omsette tekstar. Om du ønskjer å sende inn omsette tekstar eller om du er ein uerfaren skribent, er det fint om du kontaktar oss med idear og sender inn tidleg, slik at vi har god tid til å avklare trykkerettar og arbeide med tekstane.

Send tekst til boygen.red@gmail.com innan 1. oktober.

Bøygen er eit litteraturtidsskrift drive av masterstudentar på dei mange litteraturprogramma ved Universitetet i Oslo. Vi publiserer essays, artiklar, intervju og skjønnlitterære tekstar av både etablerte og uetablerte forfattarar. Følg oss gjerne på Facebook: http://www.facebook.com/uioboygen?fref=ts.

Beste helsing,
Ida Hove Solberg og Runa Kvalsund,
redaktørar for bøygen # 4/2013