Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: «Forfattar trillar terning på seg sjølv.» No til den siste boka om Pode. «Anti-Pode» frå 2006.

Sparer det beste til slutt

Etter eit avbrot der Tor Arve Røssland måtte skrive om ei innbilt ungdomstid i «Plutselig skjøna eg alle songane» er han tilbake til universet rundt seksåringen Pode. (Som for øvrig aldri blir eldre…) Denne gongen er det julefeiring, og Pode og familien skal feire jul på ei staseleg hytte på fjellet. Heile familien er forventa, det same med bestekompisen Anton.

Men allereie første kvelden går det gale. Pode hamnar i ein frykteleg krangel med storebroren Pyton, og blir sendt tidleg til sengs i det vesle uthuset. Om morgonen vaknar han langt ute på vidda. Med berre pysj vandrar han rundt i snøen. Han kjem seg fram til hytta og kikkar inn vindauget, der ser han ein gut som er heilt lik han sjølv, men som oppfører seg frykteleg snilt! Veslesyster Petra kallar han ein Anti-Pode, sidan han oppfører seg heilt motsett av det han gjorde kvelden før.

Pode får panikk, og konfronterer Anti-Pode, berre for å finne ut at dei kan ikkje vere i same rommet viss det er vaksne til stades – då forsvinn dei i lause lufta, begge to! Ein av dei må bort! Det kan berre vere éin! 

Boka er minst like morosam som dei tre første, men Røssland viser denne gongen også talent som spenningsforfattar. Han leikar seg med referansar frå den klassiske skrekklitteraturen, kanskje spesielt Dr Jekyll and Mr Hyde av Robert L. Stevenson, og interessa for speglar som littererært element blir introdusert. Pode er både slem og snill på same tida, og utforskar verkeleg det vonde i seg sjølv i denne boka. Og vi som les sit og lurer på kven som er kven … kanskje ikkje denne anmeldaren, men i alle fall alle dei andre!

Øyvind Torseter har sjølvsagt illustrert, og Røssland har avslutta serien om Pode på ein verdig, morosam og spennande måte. Den beste i serien!