Når ein les ei bok som kvensomhelst på lang avstand kan sjå er av låg litterær kvalitet, gøymar ein då sin guilty pleasure – eller les ein vidare i alles påsyn?

Finnes det bøker her du ikke vil bli sett med?

Kor litterært forfengeleg er du?

Tekst og foto av gjesteblogger Ingrid Saltvik Faanes

For nokre veker sidan sleika eg sol på svaberga ved hytta, men einaste boka eg hadde tatt med meg var Game of Thrones – tanken på at «winter is coming» i sommarsola var ikkje så freistande. Derfor tok eg ein titt i bokhylla på soverommet, her fann eg typiske hyttebøker kjøpt på ein kiosk på vegen. Valget mitt falt på Krise på Bahamas. Perfekt i Sola. Klassisk kiosklitteratur med lite spanande språk, kidnapping og raske båtar. Men eg vart ikkje ferdig med boka før eg skulle reise og lånte den med meg – eg måtte jo finne ut om dei fekk fanga the bad guy! Det å ligge på svaberget for meg sjølv og lese ei slik bok var berre artig, men å sitte på toget i full beskuelse frå folk og fe gjorde meg lettare flau over boka eg haldt i handa. Dette var ei bok ein på lang avstand kunne sjå at ikkje var av høg litterær kvalitet.

Det finnast mykje verre bøker å bli sett offentleg med.
Men det kunne vore verre tenkte eg! Da eg kom heim lagde eg ei enkel brukarundersøking på Facebook: «Kva bok vil du helst ikkje bli lesande offentleg?». Fifty Shades of Grey gikk sjølvsagt att i svara, og Twilight-bøkene. Det var skuffande få som svarte Sagaen om isfolket (les: ingen). Også var det nokon som helst ikkje ville bli sett med Jeg har kontakt med engler, hva nå? eller How to Get a Date with ANY GIRL TONIGHT! eller bruksanvisninga for hemoroidesalve. Og skal ein tru skikkelege brukarundersøkingar, så er det bibelen dei fleste synast er flaut å lese.

Kjenner du deg igjen?

Er det pinlegare å sitte med ei såkalla fagbok enn ei skjønnliltterær bok?
Å gå på biblioteket og spørje etter sjølvhjelpsbøker er litt som å gå på apoteket og spørje etter skabbmiddel; ein vil helst ikkje prate så veldig høgt.

I alle fall gjorde eg akkurat det, gjekk på biblioteket altså, og spurte kva den flaueste boka dei hadde var. Eg fekk til svar at det var mykje rart å finne blant fagbøker, særleg slike «hjelp til sjølvhjelp». Bibliotekaren kunne fortelje meg at Lene Aleksandra Øien har ei populær bok om slikt. Ja, den ville eg låne! Men med heile 12 personar på venteliste, måtte eg heller ta til takke med klassikarar som The Secret, Hvorfor går jeg ikke ned i vekt? og Märthas engler.

Det var verre å sitte offentleg med The Secret eller Märthas engler enn Arvesynd og Marian Keyes. Eg følte eg utleverte noko mykje meir personleg da eg leste slike faktabøker. Ikkje hjalp det å dekke til boka med eit cover som såg litt meir pretensiøst ut heller. Folk kan jo faktisk tru at eg trur på engler eller at eg nettopp har blitt singel eller har mista trua på meg sjølv.

Kva tid bryr folk seg?
Nokre gongar slår eg på «private session» på Spotify. Ikkje fordi eg er flau over musikken eg speler, men fordi ikkje alle treng å vite kva eg høyrer på til ei kvar tid. Om eg les ei teit skjønnlitterær bok, så er det vel ingen som treng å bry seg. Det er jo berre fantasi uansett, men fagbøkene synast eg det var litt verre med.

Eg trur dette avhenger veldig av stad og tid. Hadde eg satt med ned i kantina på Gløshaugen (NTNU) med engleboka, hadde eg nok fått fleire blikk enn om det var på venterommet til homeoterapauten min. Det kjem vel òg an på kva type ein er, kva ein jobbar med, kor ein bur og alder. Ein ville kanskje ikkje reagert om den unge dama bak kassa på kondomeriet leste Fifty Shades enn om ho bak luka på legekontoret gjorde det, og ikkje minst om legen din satt og leste det når ein kom inn på kontoret hans.

På tide å legge skamvettet til sides
Det skiljar eigentleg ikkje om eg les om vampyrkjærleik eller kvifor eg ikkje går ned i vekt når eg sitt øvst i Nordre gate her i Trondheim, folk bryr seg vel ikkje uansett, det er vel heller eg om trur at dei andre trur at eg har eit slankeproblem. Kanskje det er på tide å legge skamvettet til sides, og lese det eg har lyst på, og ikkje det andre har lyst på? Men Märthas engler kan eg nok aldri lese utan å bli skikkelig flau, sjølv med ein ironisk distanse (for det veit jo ikkje dei andre nok om).

Kva for ei bok ville du ikkje blitt sett med offentleg?