PERSONAR
Ho eine
Ho andre
Han

Eit stort rom i eit gamalt hus. Det har alltid vore her. Lysekroner i taket. Tepper på veggane. Føre utgangen er det plassert to bord. På borda er det glas, flaskar. Ho eine og Ho andre står vent mot ei gruppe menneske som ventar på kva dei skal seie.

HO EINE
åleine
pause
eg er åleine
heilt åleine

HO ANDRE
eg er her

HO EINE
ja
du er her
pause
vi er her
vi er åleine du og eg

HO ANDRE
ja
vi to
du og eg

HO EINE
ømt
det er alltid vi to

HO ANDRE
ja
kort pause
du og eg

HO EINE
her ved dette bordet
pause

HO ANDRE
der er dei og dei
ser på oss
dei ventar på svar

HO EINE
alltid på svar
frå begge
kort pause
ja
pause

HO ANDRE
dei vil ikkje gå

HAN
vi ventar på svar
han tek nokre skritt fram
eg kjem nærare unna dei andre
ser de meg

HO ANDRE
Til Ho eine
dei vil ikkje gå
dei ventar på svar

HO EINE
frå oss begge

HO ANDRE
ja
dei ventar alltid på svar
pause

HAN
kva ser de

HO EINE
konturane
eg ser dei

HO ANDRE
vi gjer begge det

HO EINE
konturane av at vi blir ferdige

HO ANDRE
når
når blir vi ferdige

HAN
kva er det du ser

HO EINE
til Han
det er konturane
eg ser dei

HO ANDRE
vi ser dei

HO EINE
vi kan bli ferdige måndagen
men det er ikkje alt
pause
vi er ikkje ferdige
vi må sjå på andre saker
kort pause
ja

HO ANDRE
ja

HAN
ja

HO EINE
sakar viktige for heilskapen

HO ANDRE
heilskapen vår

HAN
heilskapen til alle

HO EINE
heilskapen til alle

HO ANDRE
ja
heilskapen til alle
pause
men vi kan vente puste
litt ein pustepause
er bra

HO EINE
ler kort
han er bra for alle

HO ANDRE
ja
for oss begge

HO EINE
for alle

Ho eine ser mot Ho andre, dei smiler. Han tek eit skritt attende, forsvinn inn i mengda.

HO EINE
ein pause gjer godt
søvn frisk luft
ein tur

HO ANDRE
ja
ein tur
med meg

HO EINE
ikkje no
pause
ikkje denne gongen

HO ANDRE
seinare

HO EINE
ja seinare
men ikkje no
pause
viss vi skal bli ferdige måndagen
må ha pause då
må ha fisk luft då
må gå tur då

HO ANDRE
for å bli ferdige måndagen

HO EINE
vi skal det
vi siktar på det
kort pause

men det kan bli tysdag
onsdag det kan bli onsdag

HO ANDRE
kanskje torsdag

HO EINE
onsdag eller torsdag
kort pause
men måndag siktar vi på
pause
tysdag onsdag eller torsdag

HO ANDRE
vi blir samde

HO EINE
ja
eg ser konturane av det

Ho andre ser bort på Ho eine.

HO ANDRE
dei andre kjem måndag

HO EINE
ja
då skal vi bli ferdige

HO ANDRE
men programma må vi leggje saman

HO EINE
vi må det
dei må liggje der
vi må flette dei

HO ANDRE
vi må flette dei saman

HO EINE
alle punkta
ikkje éit slepp unna
kort pause
vi skal flette

Ho eine går nokre skritt vekk frå bordet. Snur seg mot Ho andre. Står slik nokre sekund før ho går attende til bordet.

HO EINE
køane skal bort
ja

HO ANDRE
dei skal ned

HO EINE
dei skal ned
ikkje bort
ned
kvaliteten skal bli betre
det skal vi flette inn
kvaliteten

HO ANDRE
vi vil styrke rettane

HO EINE
styrke dei

HO ANDRE
kreft er ein sjukdom

HO EINE
ja

HO ANDRE
han rammar blindt
han rammar hardt

HO EINE
det skal koste
det må koste
ja
vi skal flette
vi skal bli samde

HO ANDRE
på måndag

HO EINE
konturane
kort pause
eg ser dei 
pause
dei er der

[Kjelde]