Er det ikkje snart på tide å begynne med førehandshype av den neste ungdomsboka mi? Eg trur det. Den har allereie blitt nemnt i fleire avisartiklar, og elevar har begynt å spørje meg om lanseringsdato når eg er på skulebesøk. Boka, med den i utgangspunktet hyggelege tittelen En smak av sommer, går føre seg på Bømlo. Eit nydeleg øyrike på kysten av Vestlandet. Ikkje langt frå Stord, Sveio og Austevoll. Kjem du frå Bergen er det ein liten ferjetur, etterfulgt av ein køyretur over Stord, over nokre bruer og så er du der.

Bømlo er ein langstrakt kommune der eg har vore fleire gonger, eg har vore på musikal på Moster, i gullgruveområdet på Lykling og på fyrbesøk på Slåtterøy. Tenk om denne perla blei invadert av zombiar? Tenk om menneske som framstår så uskuldige som Knut Arild Hareide plutseleg vart forandra til eit menneskeetande monster! Det skulle ikkje meir til for meg. Det var inspirasjon nok i massevis. 

Hovudpersonen i boka er sekstenårige Max som totalt utan skuld (!) hamnar midt oppi dette. Men for han dreier det seg om meir enn berre å redde livet, han må finne kjærasten som sjølvsagt befinn seg på ein annan kant av øya då det heile startar. I tillegg må han hanskast med ei nyfrelst mor, ein konspirasjonsteoretikar og den amerikanske gullgravaren Savini. Og sjølvsagt eit relativt høgt antal zombiar, i alle fall i forhold til folketalet på Bømlo.

Gløymte eg å nemne tittelen? En smak av Zommer. For dei elles så snille bømlingane tar verkeleg ein god jafs både av naboar, båtturistar og lokalpolitikarar i denne blodige men også morosame boka. Og det er slett ingen garanti at du forblir vegetarianar når du vaknar opp som ein vandød, sjølv om du var aldri så vegetarsk i levande live. Opprinneleg leika eg med tanken på å bruke tittelen «Zvortland», men det blei for lokalt og framand for lesaren.

Eg har lenge hatt lyst til å skrive ei zombiebok, og forlaget Egmont Kids Media Nordic har gitt meg lov til det. Inspirasjonen har kome frå både bøker og filmar, og skarpe lesarar vil finne referansar til bøker som World War Z og The Zombie Survival Guide, og sjølvsagt til filmar som The Night of the Living Dead og den beste av dei alle: Shaun of the Dead. Og sjølv om eg likar tv-serien The Walking Dead, så er nok ikkje mi bok fullt så dyster.

Eg håper og trur at boka er både spennande og morosam, eg hadde det i alle fall veldig morosamt under skrivinga. Eg har sett skisser av førebels omslagsillustrasjonar, og eg gler meg til å leggje ut den ferdige framsida når det nærmar seg utgjeving. Siste eg høyrte var at boka skulle ut i januar 2014.