For tre år sidan blei eg vald inn i Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU) sitt Litterære råd. Klikk her for å lese meir om rådet. Det siste året har eg sete som leiar, og har tenkt å vere så open og «gjennomsiktig» som mogleg om kva som hender på møterommet. Dei to siste dagane har vi brukt til det som nok er den viktigaste jobben vår, nemlig å fordele og innstille til stipend. Berre for å seie det med det same: stipenda blir ikkje offentleggjort enno, men Statens kunstnerstipend/Kulturrådet krev at vi er ferdige med innstillingane før 31. januar, etterpå kan det skje endringar og forskyvningar og andre uforutsette ting som kan påverke dei endelege tildelingane. Derfor den totale teieplikta før Kulturrådet offentleggjer. 

Vi innstiller til/deler ut dei fylgjande stipenda:

NBU sine arbeidsstipend, 210 000,- pr år.

NBU sine diversestipend, ikkje noko maksbeløp, men ofte likt Staten sitt.

Staten sine arbeidsstipend, herunder stipend for yngre/nyetablerte, seniorkunstnarar, etablerte kunstnarar og «vanlege» arbeidsstipend. Desse har ulik lengd, frå 1-10 år, men dette kan de lese om på Statens kunstnerstipend sine nettsider. Det ikkje alle år vi har tilgjengelige stipend for etablerte/senior, sjølv om mange søkjer nettopp desse.

Staten sine diversestipend. Maks 80 000,-

Houen og Mohrs legat, som går utelukkande til reiser og er vanskeleg å få.

Rasmus Løland-stipendet. Blir gitt av Rogaland fylkeskommune, men altså vi som innstiller.

Bokhandlerstipendet, til ein forfattar vi har stor tru på.

Vi innstiller til ALMA-prisen. Astrid Lindgren Memorial Award som er ekstremt vanskeleg å få.

Og vi deler ut Trollkrittet, NBU sin eigen debutantpris. 

Alt dette har vi fått gjort desse dagane, men vi må halde godt kjeften om det i eit par månader til…