Eg har eigentleg vore motstandar av å lisensfinansiere fjernsyn heilt sidan TV2 kom på marknaden i 1992. Det er mange grunnar til det, og her skal eg kort liste opp nokre av dei.
– NRK har ikkje lenger den oppdragande allmenkringkastarrolla dei ein gong hadde. Dei er berre ein av mange kanalar i eit mylder av tv-kanalar som kjempar om dei same sjåarane. Det er ingen gode grunnar til at ein av dei skal få større fordelar enn andre.
– NRK har for lenge sidan byrja måle suksessen sin i sjåartal, noko som skal vere heilt uvesentleg for ein lisensfinansiert kanal. Dei snakkar om å «vinne» fredagskvelden, og «ta helga» frå dei andre kanalene. Dette skal ikkje bety noko for ein kanal som skal tene heile folket.
– «Denne sendingen presenteres av…»
– Kampen om tungvannet.
– NRK har fått for seg at dei skal kjøpe inn dei tåpelegaste reality-seriane frå utlandet. Og sanneleg produserer dei slikt sjølv òg, med Anno som versting. Fine kulissar og flinke statistar var ikkje hjelp i. Konseptet er problemet.
– NRK øydelegg barn si forståing av framandspråk med å dubbe både barne- og ungdomsseriar på NRKSuper. Det hjelper ikkje at dei gjer det på samtlege norske dialektar. Eg føler at ein liten bit av hjernen min døyr kvar gong eg tilfeldigvis er innom. Det er dette vi har Disney Channel til.
– Lilyhammer.
– Sport er det for mykje av. Dette høyrer heime på kanalar for spesielt interesserte, slik som nyare film høyrer heime på filmkanalar.
– NRK har aldri vist Star Trek, og har dermed frårøva oss som vaks opp på syttitalet ein viktig del av populærkulturen. Sci-fi har i det heile tatt vore totalt ignorert. Det er faktisk folk i Noreg som ikkje veit kven Leonard Nimoy var.
– Det er noko litt fascistisk over å måtte betale for å eige ein tv-mottakar.
– NRK P3.
– At Derrick går i reprise.
– NRK påstår dei er gratis, det er dei jo ikkje, du betaler lisens, og du må betale tilknytningsavgift til signalleverandør.
– NRK (og alle dei andre) må tilpasse seg framtidas sjåarar, folk vil ikkje lenger sjå tv samtidig som alle andre. Folk vil streame, og laste ned til paddene sine og sjå når det passar. Lisensen funkar ikkje i denne samanhengen, den blir urettferdig.
– NRK er ikkje lenger einerådande på nyheiter, det finst ein haug med kjelder som er like gode. Folk kjem ikkje til å ville benke seg framfor Dagsrevyen om nokre år. Nyheiter funker best på nett.
– Debattprogram er stort sett berre organisert krangling.
– NRK viser ikkje årets viktigaste direktesending – Oscarutdelinga.
– Dei beste dokumentarfilmane går på kino.
– Det er snart ikkje fleire stader igjen i dette landet der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
– Halvbroren.
– NRK bruker ca 100 millioner på å kreve inn lisensen.
– Dei har i alle år hatt ein tendens til å ikkje vise ferdig utanlandske tv-seriar. Det held med nokre få sesongar, virkar det som dei tenkjer. I farten kjem eg på Curb your enthusiasm, Red Dwarf og The Practice. I tillegg har dei ein lei vane å flytte sendetidspunkt, sendedag og kanal når det passar dei. Det var t.d. heilt umogleg å få med seg The Sopranos på NRK.
– Kvaliteten på humorprogramma til NRK har dei siste åra gått rett nedover. Dette kan sjølvsagt endre seg over tid, men eg er ikkje optimistisk. TV2 er like ille. TVNorge er faktisk for tida mykje betre! Og det har dei vore i fleire år no.
– NRK prøver desperat å gjenskape Hurtigrutesuksessen med tåpelege langsom-tv-idear.
– NRK er veldig Oslofiksert.
– Som observante lesarar har oppdaga har eg lista opp dramaseriar innimellom her. NRK viser særs middelmådig drama og bruker store summar på det. Eg lengta mang ein gong etter reklamepausar under tungvannet.
Men er det ingen grunnar til å ha tv-lisens, seier du? Joda, det er det.
– NRK har ein gong for lenge sidan vist filmen Withnail & I.
– Vestlandsrevyen.
– NRK Hordaland.
– Fleksnes.
– Dei viser ikkje reklame. (Noko som stort sett er bra, bortsett frå når eg ser norske dramaseriar.)
– Dei har hatt opplesing av to av bøkene mine i Barnetimen og betalte godt.
– Barnetimen. (I alle fall då eg var liten. Det var her eg «las» bøker.)
– Høyrespel på laurdagen. (I alle fall då eg var liten.)
– Dei viser av og til gode filmar, sjølv om dei er gamle og ofte i reprise.
– Det meste som Harald Eia og Bård Tufte Johansen var involvert i. (Som dei har mista til TVNorge.)
– Julemorgen med Nissa og Elisabeth. (Inkludert Askepott.)
– At dei viste Poltergeist ein gong for lenge sidan og det skapte debatt.
– L.A. Law og Miami Vice.
– Dei tekstar av og til på nynorsk.
– Dei har ei oppegåande nettside, og ei nettløysing som har potensiale.
– Melodi Grand Prix.
– Og den kanskje viktigaste grunnen: Dagens blåblåblå regjering vil ha lisensen fjerna, men får det ikkje til. Og dei prøver å få NRK til å gå vekk frå nettsatsinga, noko som sjølvsagt er totalt øydeleggjande for NRK, og det er ikkje det eg vil. Slett ikkje.
Eg likar NRK.
Dei viser mykje bra.
Dei tenkjer nytt. Hadde det ikkje vore kult å kombinere Hurtigruten og Frank Aarebrot?
Eg vil aldri kome til å stemme på eit parti for å få lisensen fjerna.
Det er til NRK sitt eige beste at dei går vekk frå lisensmodellen og over på ein annan betalingsmodell. Ei meir framtidsretta, nettbasert tv-løysing. Generasjonen som ikkje har noko forhold til streaming og nett og slikt er i ferd med å døy ut. Den nye generasjonen ser tv på mobilen, på pc-en og via alt anna enn tradisjonell tv-mottakar. NRK truar med å innføre éin lisens pr. husstand i staden for, slik at det blir enklare å krevje inn. Dette er ikkje vegen å gå. Det blir faktisk endå meir urettferdig.
Det er betre at NRK sjølve tar initiativet til dette, og skaffer seg frivillige sjåarar, for plutseleg får vi ei endå blåare regjering. Med fleirtal. Då er det ute med NRK. Kvar skal dei då gjere av seg? Uten ei krone.
Eg er meir tilhengar av å betale for dei kanalene eg vil ha. Det blir påstått at lisensen står sterkt, og mange synest det er greitt å betale for å sleppe reklame-tv, då bør det ikkje vere noko problem å legge om til ei anna betalingsform, eg er sikker på at mange faktisk vil betale for å få NRK sine kanalar. Utan tvang. Kanskje ikkje dei som dominerer i VG sitt kommentarfelt. Men mange andre.
Eg betaler gjerne for NRK. Med glede! Men ikkje på denne måten.
NRK har ein viktig tv- og kulturhistorisk plass i det norske samfunnet, og det er sjølvsagt at dei må delfinansierast via statsbudsjettet. Dei blåblåblåblå klarer ikkje å fjerne NRK meir enn dei klarer å sparke Krekar ut av landet.
NRK får kanskje ikkje inn fem milliardar på denne måten, men så kan dei kutte ut nokre av dei meiningslause sportssendingane dei plager oss med. Kanskje dei til og med kan la ungane få høyre originalspråket på NRKSuper? Og ein gong for alle kan vi bli kvitt Skavlan! Han ser ut som han er dyr i drift.