For litt over eitt år sidan tok eg lappen. Eg har ikkje angra på det. Det er utruleg praktisk å kunne hente å bringe, kjøre på butikken, kjøre til byn for å gå på kino, og å kjøre på forfattarturné. For mange gonger har eg sete i venterom, eller stått langs vegen og venta på bussar eller taxiar og frose av meg både det eine og andre og tenkt: det hadde vore praktisk med leigebil akkurat no.

For to år sidan hadde eg ikkje lappen, men eg meldte meg likevel opp på turné i Den kulturelle skulesekken i Hordaland. Faktisk den første turneen eg meldte meg opp til sjølv. Alle andre turnear har eg blitt spurt om å reise på, då var det stort sett ikkje så nøye om eg hadde lappen, sjølv om det var ei utfordring for turnéleggarane. Eg har reist med båt, fly, tog, taxi og med privatsjøfør rundt om kring i fleire av fylka her i landet. Men det var nokre fylke som gjorde seg vanskelege. Vestfold, t.d. dei hadde så store avstandar, meinte dei. Herregud, tenkte eg, Sør-Trøndelag fekk det jo til, og Finnmark! Her snakker vi avstander!

Men også Sogn og Fjordane og ikkje minst heimfylket Hordaland ville helst at forfattarar på DKS-turné skulle kome seg rundt på eiga hand. Eg ville gjerne bu heime hos familien, men samtidig vere på turné. Eg meldte meg opp til turne i Hordaland, og på spørsmålet på søknadeskjema om eg har lappen svarte eg: «Ja». Utan nokon gong å kjørt ein bil.

Eg utsette det så lenge er klarte. Men til slutt måtte eg til pers, eg kjørte rundt på parkeringsplassen saman med kona mi Frøydis, ein søndag utanfor den lokale Remebutikken. Og til slutt klarte eg å løyse bilen. Eg freste rundt i førstegir og var dritnervøs for å gire opp. Frøydis sa eg var litt flinkare enn sonen min, men han hadde jo begynt å ta kjøretimar, og var før meg i løypa.

Eg utsette neste kjøretur, synest det var forferdeleg skummelt. Så fekk eg brev frå Hordaland fylkeskommune, søknaden om turné var innvilga. Eg skulle ut i fem veker i skuleåret 2013-14. Eg klarte å få den tidfesta til så seint i 2014 som mogleg. Langt utpå våren, nesten sommaren, faktisk.

Men eg utsatte framleis neste kjøretur, det var snart berre eitt år til turneen, og eg hadde framleis ikkje kjørt på vegen, og eg visste at det å ta lappen kom til å ta tid, fleire månader, kanskje eit heilt år. Det er ikkje berre berre å lære ein mann på over førti noko heilt nytt.

Så las eg på nettet at det kanskje kunne vere lurt å ta nokre kjøretimar på ein trafikkskule før ein gav seg i kast med privat lærekjøring, for å sjå kor landet låg. Då gjorde eg det. Fekk same kjørelærar som sonen min, på den lokale kjøreskulen på Os. Eg var ekstremt nervøs på bussturen inn til Os. Eg hadde så godt som inga erfaring, hadde kun kjørt i andregir, og eg visste at kjørelæraren skulle ha meg ut på vegen med det same.

Ein hyggeleg mann i femtiårsalderen møtte meg utanfor ein Mercedes med «skule» skiltet på. Er det dette vesle skiltet som skal fortelje folk at eg ikkje har peiling? Det er jo ikkje skilt framme på bilen! Dei eg møter har inga aning om at eg er like uerfaren som ein fjortenåring.

Eg handhelste, og blei dirigert inn i førarsetet. Hjartet var i halsen. Eg sveitta som ein gris. Han spurte om erfaring. Eg sa «Null». Ikkje eingong traktor? spurte han. Nei, sa eg. Moped? Nei, ingenting. To rundar på parkeringsplassen utanfor Rema, sa eg. Okey. Start opp, og kjør ut i vegen.

Eg gjorde som han sa. Bilen starta. Den gjekk nesten av seg sjølv då eg løfta på clutchen. Eg gassa alt for mykje, læraren vart nervøs. Eg blinka med lyset og kjørte ut på vegen. I trafikken. Ut mot ferjekaien på Hatvik. Seks kilometer. Det gjekk overraskande bra! Gira heilt opp i tredje!! Kjørte i nesten seksti! (i åttigrensa…)

Men så kom eg til eit kryss. Det kom ein bil frå høgre. Her har du vikeplikt, sa læraren rolog. Ja, sa eg og lurte på kor girstanga var. Måtte kikka ned for å vite kva gir eg var i. Var det tredje? Aner ikkje. Må i alle fall gira ned, tenkte eg. Eg prøvde å gira ned, trur kanskje eg gassa opp i staden for, tuta heilt utfrivillig. Plutseleg bråbremsar bilen og blir kvelt. Det var ikkje eg som bremsa, med det var eg som kvelte.

Det går an å bremse ned, samtidig som du girer ned, sa han.

Eg var heilt gele etter første kjøretimen, eg skolv i beina, gjennomvåt av sveitte. Eg hadde holdt armane stive, rett fram under heile kjøretimen. Når kjørelæraren måtte korrigere rattet, (det måtte han ofte) fekk han nesten ikkje snudd på det. Eg tviholdt det jo!

Eg fekk ny kjøretime berre nokre dagar etterpå. Same greiene. Håplaust. Giring og bremsing og løysing av bil i bakke måtte eg tenkje på. Eg måtte lære meg dei mekaniske tinga først, meistre det tekniske, sjølve styringa av bilen, før eg i det heile tatt kunne tenkje på trafikken rundt meg.

Eg drøymte om kjøring og giring og nedbremsing og blinking. Eg planla korleis eg skulle møte dei ulike kryssa, vegane og bakkane i nærmiljøet, der som vi hadde kjørt. Der eg var kjent. Utan å tenke på at eg ein vakker dag skulle kanskje kjøre ein annan plass, eller kanskje at det til og med kom andre bilar på vegen.

Eg var heilt utsliten då eg vakna om morgonane. Hjernen min jobba på overtid med å læra seg denne nye motorikken, bein og armar og auger og hjerne som skulle samarbeida på ein heilt ny måte. Det viste seg at Playstation ikkje hadde vore så god opplæring som eg hadde trudd.

Etter andre kjøretimen hinta kjørelæraren om at det var faktisk mogleg å ta lappen på automatgira bil. Det var mange som gjorde det, og dei fleste bilane i framtida kom til å vere automatgira. Eg vurderte det heilt seriøst. Eg hadde enorme problem med å få dette til å stemme. Hjernen kjempa i mot, og viss eg berre trong å gasse og bremse, så var det så mykje eg ikkje trong bry meg om. Då var det berre sjølve trafikken som var hinderet. Ikkje noko anna.

Eg sa eit foreløpig farvel til kjørelæraren tidleg om våren 2013, sa at eg no må kjøre privat, saman med kona mi. Elles blir dette veeeldig dyrt. Det er sikkert lurt, sa han. Så snakkast vi kanskje, og tenk på det med automatgir.

Eg tenkte på det. Det var litt flaut å ikkje få dette til. Eg var ein vaksen mann for pokker, dette må jo gå an. Eg såg på sjåførar ute på vegen. Gamle koner, unge jenter, menn med hatt, dei raraste framtoningar sat bak rattet. Viss dei klarer det, så må eg få det til!

Eg utsatte det lenge før eg kjørte med Frøydis igjen. Minst eit par månader. Kjørte ein liten tur, likte det ikkje. Hadde ikkje kontroll. Same problema. I ein bakke klarte eg ikkje å få start på bilen igjen. Det kom ein bil bak, Frøydis drog opp håndbremsen. Eg prøvde igjen og igjen. Såg bilen i spegelen. Måtte berre gi opp. Ho måtte overta rattet. Flaut, pinleg og forferdeleg irriterande. Slike situasjonar dukka opp fleire gonger. Dei fylte hovudet mitt. Eg såg for meg giring, clutching og gassing oppe i hovudet heile dagane. Eg klarte ikkje å sjå på at folk kjørte bil på fjernsyn eingong, utan å irritere meg. Det hadde aldri plaga meg før. Absolutt aldri! Og eg har sett The Blues Brothers nærare åtti gonger.

Men så ein dag kjørte vi ein litt lengre tur. Heim til foreldra mine. Eit par timars tur. Og då løysna det for meg. Eg kjørte ikkje perfekt, men dette var ein veg eg kjente godt. Og etterpå synest eg faktisk det var gøy å kjøre. Eg meistra bakkestart oftare og oftare, og eg likte meistringsfølelsen. Eg sat ikkje med stive armar lenger, men slappa av bak rattet. Likte det faktisk.

Så sommar og seinsommar 2013 gjekk med til utallige kjøreturar saman med Frøydis, i tillegg til teorikurs saman med ein flokk med 18-åringar, og eit særs pinleg førstehjelpskurs saman med 16-åringar på trafikalt grunnkurs, men eg måtte ha det. Det var obligatorisk. Å bli lagt i stabilt sideleie av ein godt vaksen teorilærar var noko eg aldri kjem til å gløyme.

Utpå hausten 2013 ringte eg til kjørelæraren og sa at eg var klar. Fekk time og han var heldigvis imponert over læringskurva. Det var eigentleg berre å gjennomgå dei obligatoriske kjøretimane eg måtte ha. Bykjøring, langkjøring, glattkjøring, kartkjøring osv. Plankekjøring, stort sett. Eg lærte sjølvsagt mykje desse timane, men det gjekk uvanleg greitt. Noko eg ikkje hadde trudd berre nokre månader før. Feila eg gjorde gjorde gjekk på kommunikasjonsproblem, læraren hadde ein tendens til å vere litt vag av og til. Og eg brukte litt tid på å lære meg korrekt plassering i rundkjøring.

Dessutan er det noko veldig unaturleg med to vaksne menn i ein svart Mercedes som sirklar rundt dei same nabolaga i Bergen sentrum. Gjerne nær ein skule, eller på ein skuleveg. Aldri nokon gong i livet vil ein kjøre bil på denne måten igjen. Kjør dit, sving til venstre, finn vegen til Haukeland. osv.

Eldstesonen fekk sin lapp før jul. Planen min om å ta lappen før ungane var feilslått. Eg tok teorien og bestod med 1 feil, og optikaren gav meg attest, oppkjøring var på Stord og lappen kom i posten nokre få veker før turneen starta våren 2014.

Første kjøreturen med lappen kjørte eg nesten på ein fyllik som hadde lyst å kaste seg ut i vegen. Os kommune, altså, her ser du alt.

Første kjøreturen åleine i bilen skrudde eg opp Rush på full guffe med songen Driven, der refrenget går: «It`s my turn to drive».