Det er vanskeleg for meg å vere heilt sakleg i diskusjonen rundt røyking. Eg klarer ikkje å stå fast på verdiane eg set høgt. Eg har vel kome fram til at eg er ein «bleeding-heart libertarian». Ein som meiner at folk skal ha stor grad av personleg fridom, men at vi i fellesskap skal ta oss av dei som fell utanfor, og at det offentlege skal ta seg av dei store og viktige tinga. Men skal den personlege fridomen vår få lov å ramme andre folk sin personlege fridom? Nei, meiner eg.

Eg trur ikkje røykarar er vonde mennesker som likar å plage andre, eg trur rett og slett at dei ikkje veit betre. Eg trur ikkje dei aner kor plagsomt og smertefullt det kan vere å passere ei nikotinsky på gata, utan å vere i stand til å kome seg vekk. Når eg er ute og går i det offentlege rom er eg som ein hjort på beitemarka, eg skuar rundt meg, sjekker vindretning og styrer unna det som kan skade meg. Men av og til er dette heilt umogleg, og røykskya tullar inn heile hovudet mitt. Eg klarer som regel å halde pusten, men det hjelper ikkje på augene. Er eg i tillegg så dum at eg klør meg på augene, så er dagen øydelagt. Det kan samanliknast med sviande shampo, du kjenner det i mange timar, berre at shampoen er ufarleg. 

Røykelova har gjort det betre å ete inne på restaurant, med mindre du må passere uteområdet for å kome inn. Då er det berre å lukke augene, og halde pusten, eller gå ein annan stad. Når kjem den første røykfrie uterestauranten? Når skal utekonsertar bli røykfrie? I alle fall deler av konsertområdet? Som eg sa: eg trur ikkje røykarane veit betre. Om eg hadde gått rundt i det offentlege rom, eller på utekonsert og utført ei handling som eg visste var så plagsom og skadeleg som å røyke, så hadde eg skamma meg. Og sidan eg trur at folk stort sett er hyggelege og omtenkstomme så er det einaste logiske svaret at røykarane ikkje veit betre. 

Denne debatten har ein tendens til å spore av. Jamen, du står jo på ei gate full av eksos og klager på litt uskuldig tobakksrøyk! Ja, det gjer eg. Berre for å samanlikne: Eg går av og til rundt i Bergen, og Oslo. Nokre gonger har eg vore i London og New York. Berre to gonger har eksos plaga meg like mykje som éin enkel sigarett. Første gongen var i Bergen for nokre å sidan då «giftlokket» var på sitt verste ein vinterkveld. Etter dette unngår eg Bergen på slike dagar, og eg skulle ynskje politikarane ville gjere noko med forureininga. Den andre gongen var i New York, ein kokvarm sommardag, då myndighetene anbefalte folk med astma om å halde seg inne akkurat den dagen. Dagen etter var forureininga borte.

Med andre ord så må det i Bergen eit samla oppsop av vedfyring, svevestøv og eksos frå bil og båt for å matche aromaen frå éin enkel sigarett på eit busstopp. Eller verdas største by på ein av sine verste smog-dagar. Eg seier ikkje at eksos ikkje er eit problem. Eg seier det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. Røyking utandørs i det offentlege rom har heller ingen nytteverdi.

Ja, men, det er mange lukter som er plagsomme! Kva med sveittelukt? Og parfyme?? Sveittelukt er ikkje skadeleg. Heller ikkje parfyme. Men parfyme er plagsomt, det skal eg vere einig i, spesielt for allergikarar og folk med astma. Eg styrer unna parfyrmeri, og eg har flytta meg på bussen på grunn av for kraftige parfymedufter. Men når det kjem ein røykar inn på bussen, ein som tar eit siste drag i det han går opp til bussjåføren, då hjelper det ikkje om eg flytter meg til andre enden av bussen. Lukta treff som eit balltre i trynet, og hovudverk, tett nase og kløe blir mitt reisefylgje. Røyking forbode på busstopp ville dempa noko av dette. Då vil røykaren i det minste måtte gå 10-20 meter før han kom inn til oss andre. 

Du er berre ein helsemoralist, seier røykarane til meg. Nei, det er eg ikkje. Folk kan ete, drikke og snuse så masse dei vil for meg. Eg synest til og med dei offentlege sjukehusa skal ta seg av skadene. Men passiv snusing skader ingen, heller ikkje å sjå nokon ete hamburger. Røyking er i særklasse. Det virkar ikkje som om røykarar vil ta dette inn over seg, og dei diktar opp motargument som skal få oss til å føle oss mindreverdige.

Ja, men det er berre å seie i frå til oss, seier røykarane, så tar vi hensyn. Ja, særlig. Dei gongene er har gjort det har eg blitt møtt med hånleg latter. Det sit langt inne å gå bort til eit framand menneske å seie «kan du vere så venleg å stumpe røyken». Eg tar heller min paraply og går ut av busstoppet, eller eg held pusten når eg går inn på Flesland. Det blir ein vane, det og.