Eg lurer på om eg skal kjøpe meg ein vasspistol, fylle den med sjampo og vatn, og sprute i augene på alle som røyker i det offentlege rom. Dette er vel min rett? Er det ikkje? Å påføre plager på dei rundt meg? Er det ikkje dette som er fridom?

Det er vanskeleg for meg å vere heilt sakleg i diskusjonen rundt røyking. Eg klarer ikkje å stå fast på verdiane eg set høgt. Eg har vel kome fram til at eg er ein «bleeding-heart libertarian». Ein som meiner at folk skal ha stor grad av personleg fridom, men at vi i fellesskap skal ta oss av dei som fell utanfor, og at det offentlege skal ta seg av dei store og viktige tinga. Men skal den personlege fridomen vår få lov å ramme andre folk sin personlege fridom? Nei, meiner eg.

Eg trur ikkje røykarar er vonde menneske som likar å plage andre, eg trur rett og slett at dei ikkje veit betre. Ikkje ein gong Frank Aarebrot, ein av Noregs klokaste, ser ut til å ha peiling på kva han utset sine medmenneske for. Eg trur ikkje røykarane aner kor plagsomt og smertefullt det kan vere å passere ei nikotinsky på gata, utan å vere i stand til å kome seg vekk. Eller når du røyker rett utanfor ei dør, så bles faktisk mykje av røyken inn.

Når eg er ute og går i det offentlege rom er eg som ein hjort på beitemarka, eg skuar rundt meg, sjekker vindretning og styrer unna det som kan skade meg. Men av og til er dette heilt umogleg, og røykskya tullar inn heile hovudet mitt. Eg klarer som regel å halde pusten, men det hjelper ikkje på augene. Er eg i tillegg så dum at eg klør meg på augene, så er dagen øydelagt. Det kan samanliknast med sviande sjampo, du kjenner det i mange timar, berre at sjampoen er ufarleg. 

Røykelova har gjort det betre å ete inne på restaurant, med mindre du må passere uteområdet for å kome inn. Då er det berre å lukke augene, og halde pusten, eller gå ein annan stad. Når kjem den første røykfrie uterestauranten? Når skal utekonsertar bli røykfrie? I alle fall deler av konsertområdet? Hallo, Bergenfest! Røykfri snart, eller?

Som eg sa: eg trur ikkje røykarane veit betre. Om eg hadde gått rundt i det offentlege rom, eller på utekonsert og utført ei handling som eg visste var så plagsom og skadeleg som å røyke, så hadde eg skamma meg. Og sidan eg trur at folk stort sett er hyggelege og omtenkstomme så er det einaste logiske svaret at røykarane ikkje veit betre. 

Denne debatten har ein tendens til å spore av. Jamen, du står jo på ei gate full av eksos og klager på litt uskuldig tobakksrøyk! Ja, det gjer eg. Berre for å samanlikne: Eg går av og til rundt i Bergen, og Oslo. Nokre gonger har eg vore i London og New York. Berre to gonger har eksos plaga meg like mykje som éin enkel sigarett. Første gongen var i Bergen for nokre å sidan då «giftlokket» var på sitt verste ein vinterkveld. Etter dette unngår eg Bergen på slike dagar, og eg skulle ynskje politikarane ville gjere noko med forureininga. Den andre gongen var i New York, ein kokvarm sommardag, då myndighetene anbefalte folk med astma om å halde seg inne akkurat den dagen. Dagen etter var forureininga borte.

Med andre ord så må det i Bergen eit samla oppsop av vedfyring, svevestøv og eksos frå bil og båt for å matche aromaen frå éin enkel sigarett på eit busstopp. Eller verdas største by på ein av sine verste smog-dagar. Eg seier ikkje at eksos ikkje er eit problem. Eg seier det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. Røyking utandørs i det offentlege rom har heller ingen nytteverdi.

Ja, men, det er mange lukter som er plagsomme! Kva med sveittelukt? Og parfyme? Sveittelukt er ikkje skadeleg. Heller ikkje parfyme. Men parfyme er plagsomt, det skal eg vere einig i, spesielt for allergikarar og folk med astma. Eg styrer unna parfyrmeri, og eg har flytta meg på bussen på grunn av for kraftige parfymedufter. Men når det kjem ein røykar inn på bussen, ein som tar eit siste drag i det han går opp til bussjåføren, då hjelper det ikkje om eg flytter meg til andre enden av bussen. Lukta treff som eit balltre i trynet, og hovudverk, tett nase og kløe blir mitt reisefylgje. Røyking forbode på busstopp ville dempa noko av dette. Då vil røykaren i det minste måtte gå 10-20 meter før han kom inn til oss andre. For ikkje å snakke om på lange bussturar, som t.d. med kystbussen, der desperate passasjerar spring ut for å røyke dersom bussen stoggar i 10-15 minutt. Gidder dei å gå nokre meter bort frå bussdøra? Nei, det gjer dei ikkje, dei må jo stå klare i tilfelle bussen byrjar å kjøre. 

Du er berre ein helsemoralist, seier røykarane til meg. Nei, det er eg ikkje. Folk kan ete, drikke og snuse så masse dei vil for meg. Eg synest til og med dei offentlege sjukehusa skal ta seg av skadene. Men passiv snusing skader ingen, heller ikkje å sjå nokon ete hamburger. Røyking er i særklasse plagsomt og skadeleg. Det virkar ikkje som om røykarar vil ta dette inn over seg, og dei diktar opp motargument som skal få oss til å føle oss mindreverdige. Røykarane er til og med frekke nok til å kalle seg sjølv mobbeoffer! Då er det vanskeleg å behalde trua på det gode i menneske.

Det er berre å seie i frå til oss, seier røykarane, så tar vi hensyn. Ja, særleg. Dei gongene er har gjort det har eg blitt møtt med hånleg latter. Det sit langt inne å gå bort til eit framand menneske å seie «kan du vere så venleg å stumpe røyken». Og kor ofte skal ein måtte gjere dette? Om ein er ute i det offentlege rom vil det bli 20-30 gonger dagleg. På utekonsert kjem ein seg som regel ikkje unna heller, og folk bryr seg ikkje om du seier i frå.

Men vi tar jo hensyn, seier mange av røykarane. Vi flytter oss unna og røyker ikkje inne, osb, osb. Eg vil kome med ein påstand: Det finst ikkje éin einaste røykar i heile verda som aldri har plaga nokon med røyken sin. Med mindre du fyrer opp under vatn, så har du på eit eller anna tidspunkt plaga andre med dampinga di. Nokre plagar sjølvsagt meir enn andre, men alle som røyker har på eit eller anna tidspunkt plaga andre menneske.

At Bergen kommune våren 2015 ikkje ville innføre røykeforbod på busstopp var eit tilbakesteg i byutviklinga. At Terje Søviknes var glad for dette burde jo vere grunn nok til å innføre forbodet. Det er færre som røyker, og heldigvis for det, men det tar nok nokre år før vi er heilt kvitt styggedomen, spesielt med politikarar som er i lomma til tobakksindustrien og kallar det ein siger for folks personlege fridom.

Skal eg lage min eigen fridom, eg òg? Leikebutikkane er fulle av våpen som sprutar vatn. Sjampoen står klar i dusjen.

Nei, eg får vel vente til røykarane døyr ut som dei dinosaurane dei er.

I mellomtida får eg ta min paraply å gå ut av busstoppet, og halde pusten når eg går inn på Flesland. Det blir ein vane, det òg. Det er heldigvis ikkje eg som ender opp med kols.