Denne boka passar for deg som vil lesa fleire bøker i den prisvinnande Vegandi-serien!

 

Tittel: Draumsende

 Forfattar: Asbjørn Rydland

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 231

Sjanger: Ungdomsroman

 

Kort om handling:

Mystiske og brutale draumar kjem til Eirik samstundes som han reiser djupare inn i Ingenmannsland. Kva betyr desse draumane? Og kvifor ser han plutseleg Tor med hammaren stå ute i Nordsjøen? Saman med vennene Khalid og Maria må Eirik stole på sine eigne krefter i kampen mot anzilane.

Draumsende tek oss med tilbake til eit fantastisk univers med gudar, magi, dataspel og parallelle univers.

 Tekstutdrag:

Reveauga svevar over meg som eit fjernt stjernebilde, to store, skråstilte samlingar av glitrande stjernestøv som ser på meg med undring og forventning.

Det er berre meg og desse auga her. Alt anna er mørkt og stille, bortsett frå små, skinande galdersymbol som flyt i tomheita mellom oss, som snøkav i uendeleg sakte film.

Alt er som før.

Alt er som dei førre ti gongene. Hundre? Eg har mista teljinga.

Tre rosande superlativ:  Spennande, aktuelt, tankevekkande!

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. For første bok i Vegandi-serien blei han tildelt Uprisen, ungdommens eigen pris. For serien om Drakeguten blei han tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget