Brune_productimageHåkon Øvreås er tildelt NBUs debutantpris Trollkrittet for 2013 for boka «Brune». Prisen vart delt ut under årsmøtet til NBU på Leangkollen i Asker 8. mars av leiar i NBUs litterære råd, Ingelin Røssland. Prisen er på 25 000 kroner og eit diplom, som er laga av Stian Hole.

NBUs litterære råd er jury, her er deira grunngjeving for tildelinga:

Det var i grunnen veldig lett å finna ein kandidat blant bøkene for 2013, Rådet har sjeldan vore så einige i ei avgjerd som nettopp denne. Det som er ekstra gledelig denne gongen er at det er snakk om ein forfattar som går frå å skriva vaksenbøker til å skriva bøker for barn. Når det er sagt, så bør det også seiast at det ikkje er alle som lukkast heilt i denne overgangen og kanskje skriv meir lettvint for barn enn vaksne, dette er ikkje tilfellet for årets vinnar av Trollkrittet. Han skriv så godt for barn at ein skulle tru at han ikkje hadde gjort anna, og at me inderlig håpar at han vil halda fram med å skriva litteratur for dei minste. I år er også første året at Trollkrittet ikkje går til ein ungdomsroman men til ei barnebok. Boka er ei varm og sorgmunter superheltforteljing, som også er ei ypparleg bok å lesa saman for barn og vaksne. For boka vant Øvreås Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2013. Boka blei også nominert til Brageprisen 2013, og også internasjonalt har dei lagt merke til boka og rettigheitar er så langt seld til Tyskland og Nederland. Det er altså mange som har lete seg sjarmera av vesle Rune, som er Rune om dagen, men superhelten Brune om natta. Det er ei stor glede å tildela årets Trollkritt til barne- og ungdomsbokdebutanten Håkon Øverås.

Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet vart innstifta av årsmøtet i 2010 og er foreiningas pris til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbokdebutant. Prisen blir nå delt ut for fjerde gong.

Navnet Trollkrittet er hentet fra Zinkens Hopps bok ved samme navn. Boken kom første gang i 1948 og regnes som et høydepunkt i norsk nonsenslitteratur.