Erna Osland er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2013 for boka Nasevis. Det er Noregs Mållag som står bak prisen. Prisen vart delt ut på landsmøtet til Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1968 og er på 30 000 kroner. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Ragnar Hovland og Maria Parr.

Juryen om prisvinnaren:

«Erna Osland gjer eit særs viktig arbeid med å produsere nyskriven faglitteratur for ungar. Ho har skrive mange gode fagbøker om ulike emne, og fleire av desse bøkene høver godt for eldre ungar, ei lesargruppe som har færre bokutgivingar retta til seg. Juryen meiner prisvinnaren fortener heider for satsinga på faktabøker for denne lesegruppa, og med vinnarboka stadfestar forfattaren posisjonen sin innafor sjangeren.

Forfattaren har eit godt blikk for detaljar, som blir nytta som innfallsvinkel og fellesnemnar i ei rekkje av utforskande faktabøker, og det er nett i det kvardagslege og alminnelege at forfattaren faldar ut ei fantastisk verd for lesaren. Det er eit godt forteljargrep som får lesarane med til å tenkje utanfor vante kategoriar og oppdage nye samanhengar. I vinnarboka er nasar ein slik fellesnemnar, og boka femnar om både menneske- og dyrenasar, store som små.»

Juryen: Margit Ims, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret.

Nynorsk litteraturpris gjekk til Sigrun Slapgard for boka «Englestien».