På NBU-årsmøtet 18. april vart Bjørn Ingvaldsen attvald som leiar. Også dei to andre i styret som stod på val, Aina Basso og Magnhild Bruheim, vart attvalde for ny toårsperiode.

Ny i styret er Bjørn Ousland. Ragnar Aalbu, Elen Betanzo og Linn T. Sunne var ikkje på val. Det same gjeld varamedlem Anna Fiske.

Årsmøtet valde to nye medlemmer til Det litterære rådet, Laura Djupvik og Brynjulf Jung Tjønn. Tor Arve Røssland vart attvald for eit år.

Bjørn F. Rørvik, Kine Hellebust, Camilla Kuhn og varamedlem Lene Aske var ikkje på val.

Dei nye i styre og råd blir presenterte på NBU-sida seinare.

Lovendring

Årsmøtet vedtok eit par lovendringar som gjeld val til styre og råd. Endringa går ut på at også nestleiaren i NBU skal veljast av årsmøtet. Kvart styremedlem og varemedlem skal veljast kvar for seg, det same gjeld for rådsmedlemmar. Endringa gjeld frå 2016.