NBU fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt feirast og markerast på ymse vis. I samband med jubileet intervjuar vi medlemmene. I dag:  Helga Gunerius Eriksen. Helga har vore medlem i NBU i 30 år, og har såleis jubileum som medlem.

Kva betyr NBU for deg?

NBU er knytt til min identitet som barne- og ungdomsbokforfattar. Det er møte med kolleger og vener på medlems- og årsmøter, tidlegare også på styremøte og møte i det litterære rådet. Diskusjonar om bøkene og levevilkåra våre, om institusjonane rundt oss. Og stipenda, sjølvsagt, som har sørga for mi overleving som nynorskskrivande ikkje-bestseljar i 30 år.

Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?

Det må vere då eg talte styret midt imot då dei utan å spørje årsmøtet saman med dei andre organisasjonane i NFOF, løyvde ein millon kroner frå det felles stipendfondet vårt til Raudekrossen etter tsunamien 2004, der 230 000 mista livet, også nordmenn. Då kokte det i hovuda på formennene våre, sa eg på årsmøta i NBU og DnF, og endå dei vart forsvarte av styra i foreningane og eg stod åleine før møta, fekk kritikken min overveldande fleirtal på årsmøta. Stipendpengane skal gå til kunst, slo vi fast, skattepengane kan nyttast til redding av verda.

Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?

Skriving har vore den viktigaste uttrykksforma for meg, endå eg er utdanna kunsthandverkar. Bildebøker har stått i ei særstilling. I dei siste par-tre åra har eg vendt meg meir og meir i retning bildeuttrykk og såkalla Artist’s Books. Dette arbeidet er kanskje ikkje så mykje å leve av, men godt nok å leve for.

Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?

Eg tenkjer ikkje så mykje på framtida, eg ser fram mot å bli pensjonist og få halv pris på bussen i oktober. Eg lever endå meir i augneblinken enn nokon gong.

Har du noko ønske for NBU?

Eg vonar yngre, stoltare og endå meir kravstore medlemmer vil stake ut kursen for NBU. Samarbeidet med dei andre kunstnarorganisasjonane bør gi alle kunstnarar endå betre levekår i framtida.