I går feira Falturiltu Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere med kakefest for barna!

Det blei ikkje ein smule igjen av NBU-larvekaka. Foto: K. Mendelejev von Svanberg

Aina Basso ønskte velkommen til bursdagsfest og fortalde om andre (nesten) like kule 70-åringar som NBU. Foto:K. Mendelejev von Svanberg

– Heile 70 år har dei jammen meg blitt, og like barnslege er dei! Aina Basso sa nokre velvalte opningsord, og kunne fortelja at andre 70-åringar i år er Arnold Schwarzenegger, mikrobølgeovnen og sjølvaste Per Olav Kaldestad.

Vegard Markhus og Hilde Myklebust las frå bøkene sine og teikna og song. Nett slik ein skikkeleg bursdagsfest skal vera!

Sjå alle dei fine bileta tekne av K. Mendelejev von Svanberg på Falturiltu sine Facebooksider.