Bibliotekreforma vil innebere ei ytterlegare svekking av kommunane og er kontroversielt, meiner forskar Jørund Nilsen, ved ECON-analyse.

 

         

 

8. november arrangerte Fylkesbiblioteka i Hordaland og Rogaland ein konferanse om Strukturendringar i biblioteksektoren – og set dermed Bibliotekutgreiinga som vart lagt fram i haust under debatt.

Bibliotekutgreiinga legg opp til strukturell samanslåing av mindre bibliotek, og interkommunalt samarbeid i bibliotektenesta. På konferansen vil spørsmåla knytt til ei slik konsolidering av biblioteka bli debattert.

Blant deltakarane er forskar ved ECON-analyse, Lars Erik Becken. Han var tidlegare i haust med å legge fram rapporten «Interkommunalt samarbeid i Norge – omfang og politisk styring». Han er blant anna blitt bedt om seie noko om kva utfordringar bibliotekutgreiinga kan skape.

 

Kontroversielt

Rapporten frå ECON konkluderer med at omfanget av interkommunalt samarbeid i Norge er betydelig, men kommunane ser ikkje ut til å ha god oversikt over egne samarbeidstiltak. Vidare heiter det i rapporten: «Interkommunalt samarbeid kjennetegnes av svakheter knyttet til politisk styring, kontroll og oversiktlighet. Likevel går politikerne inn for å øke omfanget.»

Prosjektleiar for rapporten, forskar Jørund Nilsen, kallar deler av forslaget til Bibliotekreform 2014 for kontroversielt.

– Rapporten foreslår å pålegge kommunane interkommunalt samarbeid. Det har, så vidt eg kan sjå, aldri skjedd før. Eg trur det nok kan komme til å møte massiv motbør i kommunaldepartementet og KS. Det ligg i heile prinsippet at kommunane skal sjølv prioritere innsats og områder, styre lokalt og bestemme korleis tenestene skal organiserast.

Lokalstyre

Om rapporten vil gi betre bibliotektenester ut i frå eit fagleg perspektiv, kan ikkje Nilsen seie noko om, men han viser til at heile poenget med kommunane er nettopp retten til å prioritere. Dette viser seg i korleis andre områder blir styrt lokalt, seier Nilsen.

– Vi har mange viktige områder som ligg inn under kommunane, som til dømes barnevernstenester og flyktningmottak. Likevel vil ikkje departementet gripe inn og tvinge fram korleis kommunane skal handsame dette, sjølv om det kanskje kunne ha medført at vi fekk betre barnevernstenester. Så kvifor skal dei gjere det på bibliotek, spør Nilsen, og viser til at alle sektorar ynskjer sjølvsagt å bli prioritert høgt.

 

  BIBLIOTEKREFORMEN 2014

Rapporten vart overlevert i september.

Statens senter for Arkiv, bibliotek og museum har utført utgreiinga.

Reforma vart kalla eit krafttak for biblioteka: I 2014 skal norske bibliotek ha sterkare fokus på formidling og ålmenn tilgang til digitalt innhald. For å nå desse måla skal det satsast på felles digitale tenester og større bibliotek.

I dag har 244 kommunar mindre enn ein fagutdanna bibliotekar i heil stilling. Dei fem største kommunane har om lag 22 prosent av den samla bibliotekarkompetansen i folkebiblioteka. Berre 67 kommunar har folkebibliotek med meir enn fem årsverk.

Eit bibliotek skal ifølgje reform ikkje ha mindre enn 6-8 årsverk.

Bibliotekreform 2014 er no ute på høyring.

Det er Nationen som skriv dette. Les heile artikkelen her.