Roinga er ei veksling mellom rørsle og ikkje-rørsle. Framdriftsfase og kvilefase.
Roinga handlar om pusten gjennom kroppen. Blod og oksygen.
Om lyd av årene i vatn, båten i vatn.
Lydane av alt omkring: andre båtar, andre roarar, fuglar. Stillheten i mørket under båten.
Lydklangar, fargeklangar. Skiftande temperaturar. Fallande og stigande lys.
Roinga er konkret. Er handa rundt årene. Er vekta av båten boren oppe av vatnet. Er vindane, bølgjene, svingningane. Konkret og sanseleg og kan bare eksistere i samspel med elementa.
Roinga er vilje. Leitar etter ei retning, tar seg eit méd, styrer mot eit mål – kjent eller ukjent. Finne ein veg. Få det til å stemme.
Roinga handlar også om å stige i land, i ei gløymt bygd, i ei tid som er forbi. Om dei du møter i dei fråflytta husa.
Slik ho gjer, jenta i denne boka. Ho som er ho som ror. Som opplever båtar, vatn, gutar, mor som reiser bort, byar som opnar seg. Hav som opnar seg.
Fortellinga om henne måtte bli poesi, måtte bli dikt.
Musikaliteten i roinga og musikaliteten i poesien – høyr: dei lyttar til kvarandre.

Samlaget 2007