av Per Olav Kaldestad

Då eg blei vald til formann i NBU i 1996, var den viktigaste enkeltoppgåva til styret å gjennomføra 50-årsjubileet i samsvar med den strategiske planen som var lagt.  Det var med andre ord noko i nærleiken av ein sjarmøretappe eg stilte meg i spissen for, og det var berre å skrida til verket med humør og pågangsmot.  At sjølvkjensla var på plass, går tydeleg fram av konklusjonen på kronikken ”Det rommet som vi fyller” eg skreiv i Dagbladet 8. januar 1997: ”Me ser ut frå rommet vårt og ser framtida trygt i møte.”   I NBUs årsmelding for 1997 blei jubileet oppsummert i ordelag som vitnar om at det ikkje var så mykje å seia på sjølvkjensla då heller: ”… me tar rommet med oss og går ut.  Me er synlege no – synlege nok.  No er det tid for å gå vidare.” 


Målsettinga for NBUs 50-årsjubileum (som elles var godt førebudd under leiing av Øistein Hølleland heilt frå 1994) var å få til ei grunnleggjande positiv markering av litteraturen vår.  Me ville på ein myndig måte visa fram breidda og livskrafta i dagens barne- og ungdomslitteratur, belysa barne- og ungdomslitteraturen i historisk perspektiv og vera med og stimulera forskinga og det kritiske miljøet omkring denne litteraturen.  Når me lukkast så bra som me (etter mi vurdering) gjorde, var det fordi me tidleg gjekk ut og inviterte gode støttespelarar med på laget, og fordi desse gjekk inn i jubileumsprosjektet vårt med stor entusiasme: Norsk barnebokinstitutt, Statens bibliotektilsyn, Norsk Forfattersentrum, lærarutdanningsinstitusjonane, Hordaland fylkesbibliotek, Rogaland fylkesbibliotek, Det Norske Samlaget, Gyldendal Norsk Forlag, Aschehoug forlag og Cappelen Akademisk Forlag, for å nemna dei viktigaste.  Og takka vere flott innsats frå eit større utval av forfattarane våre blei jubileumsåret ei lang rekkje høgdepunkt som bl.a. omfatta turnéar til lærarhøgskular og folkebibliotek, jubileumsbøker, festførestilling, nordisk barnelitteraturseminar, bildebokseminar og kritikkseminar.

Og jubileet kom ikkje åleine – dette var òg året då bokbransjen samla seg til Aksjon Leselyst (som blei til Foreningen !les), og tanken om å samla alle gode krefter i bok-Norge til ein innsats for biblioteka våre begynte å veksa fram.  Så det var ikkje eigentleg snakk om å bryta noko målsnor i dette løpet, det blei slik at det berre var å springa smilande vidare, også for meg.  Rett nok fekk NBU alt i 1998 ein ny og spenstig formann som vidareførte noko av det jubileet hadde sett i gang og kom til å ta initiativet til nye viktige arbeidsoppgåver for organisasjonen vår – men lagnaden ville likevel at eg blei med i styret vidare og heldt det gåande heilt fram til 2005.  Då fekk eg i stor grad arbeida med svært interessante prosjekt som anten sprang ut av jubileumsåret, som Nettverket Ord & Bilde, og prosjekt som sprang ut av det kontaktnettet NBU fekk aktivisert dette året, som Bibliotekaksjonen.

Det var ei glede å få lov å styra ståket i jubileumstida – og det var ei glede å vera så lenge med på laget vidare.