Edvard Hoem etablerte i fjor lydbokforlaget Karviland AS, og lanserte i går si femte lydbok på forlaget, i samarbeid med komponist og musikar Henning Sommerro.

Samstundes har Hoem engasjert forfattarkollegaene Dag Solstad og Tove Nilsen til å lese inn lydbøker for utgjeving på forlaget.

Edvard Hoem håper at utgjevingane skal få bransjepolitiske, om ikkje kommersielle konsekvensar:

– Ideen er at forfattaren skal eige mastertapen med si eiga stemme. Forfattaren er den som til sjuande og sist må forvalte si eiga stemme, seier Hoem til Klassekampen.

Dag Solstad er i ferd med å lese inn klassikaren «Arild Asnes 1970»:

– Det er ikkje sikkert det blir dei heilt store salstala på den utgjevinga, men det kjem til å bli ein groupie-ting av dei heilt store, ler Hoem.

I dagens normalavtale mellom forlag og forfattar er det forlaget som har alle rettar over eventuell lydbokproduksjon, og forfattarane får sparsamt med royalty for ei lydbokutgjeving. Hoem meiner dette avtaleverket er ein leivning frå ei tid der lydbøkene berre fylte ein marginal funksjon i bokmarknaden:

– Sjangeren har forandra seg radikalt sidan 1990-talet, der lydboka hovudsakleg eksisterte av omsyn til blinde og svaksynte. Den gongen blei det inngått avtalar som ein ikkje såg konsekvensane av.

Hastar

Forfattarforeininga og Forleggjarforeininga forhandlar i desse dagar om ein ny normalavtale. Her meiner Hoem punktet om lydbokrettar må reviderast:

– I den nye avtalen kan ikkje dette vere ein forlagsrett. Vi må finne ordningar der forfattaren har kontroll over den kommersielle utbyttinga av eiga stemme.

Og Hoem meiner det hastar å få på plass nye ordningar:

– Om ti år er kanskje den digitale sida av dette det viktigaste, då dreier det seg truleg om nedlastbare filer, kanskje først og fremst til mobiltelefon. Dette kan bli eit vesentleg bidrag til forfattarøkonomien.

– Blir problemstillinga tatt på alvor i forhandlingane?

– Eg etterlyser eit gjennombrot der ein innser kva digitale bøker faktisk dreier seg om. Før var det rein idealisme når noko kom på lydbok, no er det i ferd med å bli ein gigantisk industri over heile verda.

Større royalty

Hoem vil tilby forfattarane betre vilkår enn dei får gjennom dagens avtalar:

– Vi gjev betre deal enn andre lydbokforlag. Og når det kjem til det å leggje ut lydbøker på nettet, må det vere snakk om heilt andre ordningar igjen. Det å leggje ting ut på nettet er så billeg, at det er heilt urimeleg at forfattarroyaltyen skal vere nede i 15–20 prosent. Han kan godt vere på 50.

– Satsar du på å byggje opp Karviland til eit stort lydbokforlag?

– Nei, dette gjer eg for å sikre lydversjonen av mine eigne ting, ikkje for å bli stor og betydningsfull på marknaden. No samarbeider eg med forfattarar som er vener, men målet mitt er å vere forfattar, ikkje å drive forlag.

– Men du håper kanskje at arbeidet skal resultere i betre kontraktar på dette området?

– Ja, og dette er ein metode for å setje søkelys på det. Sjølv om dette er gode forfattarar, er vi for små til å ha betydning i den kommersielle samanhengen. Og eg har ikkje starta dette i protest mot noko lydbokforlag.

Arbeidet med Karviland har dessutan opna Hoems auge for moglegheitane i marknaden. CDen han lanserte i går har ikkje vore gjeven ut som bok før. Han består av ei samling av ulike tekstar frå heile forfattarskapen hans, med tonesetjingar og innspeling av Henning Sommerro:

– Lydboka har forandra seg frå å vere ei forlenging av papirboka til å bli ein ny sjanger. Det ville ikkje ha gjeve meining å gje ut denne CDen som papirbok. Eg har skrive i alle sjangrar og denne lydboka får fram breidden i forfattarskapen min på ein måte som ikkje ville ha vore mogleg i ei papirbok.

Eit tema

Anne Oterholm, leiar i Forfattarforeininga, stadfestar at temaet er del av dei pågåande forhandlingane:

– Dette er ein del av problemstillinga med sekundærrettar. Det er blitt aktualisert gjennom at ein sel filer, anten det er lydfiler eller tekstfiler. Dette er ein sekundærrett som forlaga får gjennom normalavtalen, og det er eit punkt vi ser på i forhandlingane no. Det er for så vidt greitt at forlaga handterer denne retten, men om dei ikkje handterer han og sit på retten utan å løfter ein finger, må vi finne ordningar der forfattarane kan få bruke desse rettane sjølve.

Og Oterholm er heilt på line med Hoem i at forfattarane bør få meir av kaka, når produktet er ei digital fil og ikkje ei fysisk bok eller CD:

– Lydbokforlaga har konvertert fysiske CD-plater til lydfiler utan at det er inngått avtalar om det, og det skal vi forhandle om no. Det er to forskjellige ting om du har eit fysisk medium eller ikkje, og distribusjonen av ei digital fil er såpass billeg at det bør vere mykje høgare royalty på desse.

– Stammar avtalane om lydboksrettar frå den tida lydbøker berre var eit tilbod til blinde og svaksynte?

– Ja, dei gjer nok det. Det var ein rett som ikkje blei utnytta. Men no har marknaden eksplodert.

Og Oterholm er berre glad for Hoems initiativ:

– Det er kjempeviktig det Hoem nå gjer i høve til å syne dei moglegheitane som finst.


Det er Klassekampen som skriver dette