Sjetteklassingane på Odda barneskule har delteke i ein krevjande konkurranse. Med berre 60 ord skulle dei skriva ei spennande historie. Ranveig Wik Haug og Eivind Karlsen Bye kom på andreplass i den nasjonale konkurransen. – Eg vart heilt sjokka då eg fekk vita at eg hadde vunne, eg var så spent då vinnarane vart lesne opp at eg ikkje fekk det heilt med meg, seier Eivind Karlsen Bye i 6a ved Odda Barneskule. Han og klassekameraten Ranveig Wik Haug vart utropt som vinnarar av andreplassen i konkurransen og fekk både diplom og bøker i premie av foreininga Norske Barne- og Ungdomsforfattere (NBU). I høve NBU si 60-årsfeiring vart det arrangert ein skrivekonkurranse, berre beståande av 60 ord. Utvalde klassar i Norge fekk vera med, mellom anna alle sjetteklassingane på Odda barneskule. Førsteplassen gjekk til ein elev på Voss, men ein delt andreplass gjekk altså til Odda.

Få ord

Dei to prisvinnarane kan røpa at det var ei vanskeleg oppgåve å formidla noko med så få ord.

– Gjett om! Det var ekstremt vanskeleg. Eg måtte viska ut det eg hadde skrive mange gongar, og måtte tenka masse på teksten, seier Eivind.

– Eg måtte skriva det på nytt to gongar, det var ikkje så lett, seier Ranveig.

Ranveig si historie handlar om Gustav, som vert kalla Gisse og vert mobba, medan Eivind har skrive om Joakim, som er så rik at han eig heile byen, men ikkje får lov å riva eit hus han vil ha vekk.

Begge to seier dei ikkje er så glade i å verken skriva eller lesa, men litt gravande journalistikk røper at det ikkje er heilt sant.

– Eg vart overraska, for eg er ikkje akkurat den beste til å skriva, synst eg. Men eg les ganske mykje, seier Ranveig.

– Eg høyrer masse, masse på Harry Potter på lydbøker. Den siste var på 31 timar. Eg syns ikkje eg er så flink til å skriva slik skulen vil, men eg likar veldig godt å fortelja og skriva historier, seier Eivind.

Glade i biblioteket

Verken Ranveig eller Eivind har særleg lyst å verta forfattarar, men Eivind held ei dør open.

– Eg har eigentleg andre planar,men eg vil i alle fall prøva å få gitt ut ei bok når eg blir voksen. Eg veit ikkje heilt kva ho skal handla om, men eg likar godt fantasy.

Prisvinnarane er glade i skulebiblioteket sitt.

– Det er fint her, med mange bøker, seier Ranveig.

– Men dei bøkene eg likar aller best er faktabøker om middelalderen. No har eg lese ut alle her på biblioteket, seier Eivind.

Skulebibliotekar Sigrun Instefjord er stolt over prestasjonane til Ranveig og Eivind.

– Dette er veldig stas, tenk at skulen vår får to av fem prisar, gratulerer ho.

Kontaktlærar Inger-Johanne Patterson er også stolt.

– Alle elevane i sjetteklassane gjorde ein imponerande innsats, med spennande bidrag, seier ho.

Det er Hardanger Folkeblad som skriv dette her.